Bakgrunnen for at me tok opp dette, var at me ville at Vindafjord skulle ha ein gjennomtenkt plan og eit tydeleg mål for skulen i framtida.
Me ville ikkje at me skulle gå i fella å byggja ut skular, for så etter eit par år oppdaga at det ikkje var slik me ville organisera skulane våre. Me ville at det skulle fokuserast på best mogeleg kvalitet i skulen og ville gjerne få belyst ein del spørsmål, som t.d.: Vil ein rein ungdomsskule med godt utdanna faglærarar, godt fagmiljø og som er pedagogisk tidsrett utstyrt kunna vera ei rett prioritering for å betra kunnskapsnivået? Eksamensresultata på skulane våre i Vindafjord dei siste åra har stort sett lege like under, eller på gjennomsnittet.
Eg synest personleg ikkje dette er godt nok, og har større ambisjonar for elevane våre i Vindafjord. I tilegg har avisoppslag vist at når det gjeld standpunktkarakterar i 10. klasse, så ligg me blant dei dårlegaste i landet.
Standpunktkarakterar kan ikkje samanliknast i same grad som eksamensresultat, men dei gir ein peikepinn, og eg må innrømma at eg skjemdest på Vindafjord sine vegne då eg såg avisoppslaget.
Dette er elevar som skal konkurrera med våre nabokommunar om opptak ved dei same vidaregåande skulane, der både standpunkt og eksamenskarakterane blir vektlagd i opptaket. Ressursane me brukar på skule gjenspeglar ikkje kvaliteten på skulen. Det er ikkje automatisk slik at til meir pengar ein brukar, til betre skule får me. Stavanger og Haugesund er, etter det eg har fått opplyst, dei kommunane i fylket vårt som brukar minst pengar på skule per elev, men er likevel dei kommunane som har best eksamensresultat.
Eit tilsvarande elevgrunnlag som me har i Vindafjord ville i Haugesund innebore 22 færre lærarstillingar. Dette er eit utslag av måten me har valt å organisera skulane våre. Det er rett at det har vore ein reduksjon på skulebudsjettet vårt, men det er ikkje rett at me brukar lite pengar på skule samanlikna med andre kommunar.
I Vindafjord har me 9,2 elevar pr årsverk. Gjennomsnittet i Rogaland og på landsbasis er 11 elevar pr årsverk. Nå blei det vedtatt i kommunestyret at me ikkje skal greia ut grunnlaget for ein felles ungdomsskule, og det arbeider me så vidare utifrå.
Me må arbeida for at dei tre ungdomsskulane våre og alle barneskulane våre blir best mogeleg på alle område. Det er nedsett eit skulekvalitetsutval som arbeider med kva kvalitetar me ynskjer for skulen i Vindafjord.
Me er på rett veg, og med fokus på læringsutbyte for alle og rett bruk av ressursane, vil dei tre ungdomsskulane våre kunna bli enda betre skular, som me alle kan vera stolte av.
Tone Hatteland