NM-gull for pinnekjøt

Før resultat av konkurransen blei kjent seint i går ettermiddag, var Johan Lundal spent og […]

Før resultat av konkurransen blei kjent seint i går ettermiddag, var Johan Lundal spent og håpefull. Bedrifta han tidlegare leia,
er ikkje heilt ukjent med å bli premierte for gode kjøtvarer. Bransjeforbundet arrangerer NM i kjøtprodukt annakvart år, og Lundal har fått medaljer kvar einaste gong. For tre år sidan vann dei gull både for pinnekjøt og for hardangerpølse. Det nye i år er altså at det er ein eigen meisterskap for julemat.
Seks fekk gull
I går kunne dommarane peika ut NM-vinnarar og fordela gullmedaljer i fire forskjellige klassar: pinnekjøt, julepølse, lammerull og sylte. Åkrafjordbedrifta var berre med på pinnekjøttevlinga, der det var 29 konkurrentar. Seks av dei 29 var etter dommarane si meining av så høg kvalitet at dei kunne heidrast med gullmedalje. Berre ein av dei kan smykka seg med NM-tittelen. Det blei ikkje Lundal denne gongen, men marginane er ørsmå mellom dei seks topplasserte.
— Me veit av erfaring at det produktet som kan smykka seg med ei gullmedalje får bein å gå på, seier overdommar Tore Teigen, som er svært tilfreds med påmeldingane til Noregsmeisterskapen.
Overdommaren opplyser at dei tolv dommarane vurderer både utsjånad, smak, lukt, konsistens og tekstur.
Røykt og urøykt
Johs Lundal & Sønner produserer seksti tonn av det premierte pinnekjøtet fram mot jul. Ein femtedel blir selt urøykt, medan det aller meste blir eldhusrøykt etter tradisjonell oppskrift før det når fram til butikkhyllene og til julemiddagsborda.
Siri Lundal Hustveit, dotter til Johan Lundal, leiar den velrenommerte bedrifta som blei starta opp i 1870. Då heldt dei til i Lundalen, heilt opp under Folgefonna. Då grenda blei fråflytt, bygde dei ny fabrikk på Teigland på sørsida av Åkrafjorden. Framleis er Lundal langt på veg ei familiebedrift. Det meste av spekematen og kjøttvarene blir laga etter same oppskriftene som for over hundre år sidan. Det syner seg at dei tradisjonelle oppskriftene fell i smak, også blant kresne NM-dommarar i Kjøttbransjens Landsforbund.