Nøgd med NM-opninga

I helga vart han nummer 15 i den første NM-runden, og i Vestlandsmesterskapet ligg han […]

I helga vart han nummer 15 i den første NM-runden, og i Vestlandsmesterskapet ligg han på andre plass før andre runde som går på Stord no til helga.
Fire helger på rad har det vore køyring på Ole Eirik Mæland, og han føler no at han er i ferd med å kome i form.
— Det har blitt bra med køyring så langt i sesongen, og køyringa i NM no sist helg er eg veldig godt nøgd med, i og med et eg fekk med meg mine første NM-poeng, seier han, som likevel innrømmer at det vart svært hardt mot slutten.
Trener hardt
— NM blir køyrd på tøffe banar, og underlaget i Aurskog var sand, noko eg ikkje har så mykje trening på. I tillegg er heata 35 minutt i NM mot 25 som me køyrer i Vestlandsmesterskapet, og eg vart ganske sliten mot slutten.
To sesongar tidlegare har Ole Eirik Mæland deltatt i NM utan at det har blitt NM-poeng, den tredje gongen blei det altså suksess og også ei bra plassering.
– Ja, no blir det mykje trening fram mot den andre NM-runden der eg vil gjere forsøk på å kome meg nokre plassar opp på resultatlista.
Men først er det andre runde i Vestlandsmesterskapet på Stord.
– Eg køyrer der og målet der er ei pallplassering slik at eg også etter det stemnet kan hengje med i toppen.