Ein av dei som har svart på slike spørsmål klårt og presist er Humanetisk Forbund ved sin leiar:
«Kristendommen kan ikkje lenger vera ein del av det offisielle Norge. Det er i strid med moderne menneskerettstenking». Tenk det. Dette er det truleg Djupedal med fleire har lært seg å «tenka». Det er nemleg viktig å byrja i det små. Difor kan ei lita bordbøn vera rette måten å byrja med. I neste omgang tek dei vårt «Fader Vår» og kjem truleg med visse forbod mot forkynning i visse offisielle samanhengar. Så følgjer vel forbod mot skuleavslutning i kyrkja, med eit kristent innhald osb osb. Avkristning?
Dette er som med skatten. «Det er utruleg kva det norske folk tåler, berre det vert vant med det». Den som trur at dette dreiar seg om ei lita bordbøn, må nok tru omatt.
Og det rare er at einskilde prestar er samd i det. Me lever i forvirringens tid. Men det rører seg i folket.
På Nord-Vestlandet har ei aktiv kvinne samla 60000 underskrifter i protest mot utviklinga og Djupedal sine utspell og raritetar. Men det er nok fare for at jamvel firehundretusen er som eit «pust i sivet» for kunnskapsministeren. Det skal sterk lut til ein trønder. Nemleg. Og finansministeren sitt utspell om boikott av Israelske varer. Heng det på greip?
Kanskje mange veljarar nå angrar bittert på at dei slapp ein raudgrøn røystesetel ned i valurna på valdagen for Stortinget i haust. Grunnen til alt dette som er nemnt om offisielt Noreg er sjølvsagt at fedrelandet er blitt eit fleir-religiøst og fleirkulturelt samfunn. Det fører til at alle som søkjer opphald i «verdas beste land å bu i», skal møta eit samfunn som er villig til å gje avkall på sin eigen kultur og religion i det såkalla «offisielle Norge». Var det slik fleirtalet i Noreg ville det? Men angrefisten for veljarane gjeld ikkje før om fire år. Men i løpet av desse fire åra kan mykje skje til det verre.
Endre Heggen