Noko framtid for Fjæra?

9 mils reis i 10 år for ungane, frå dei er 5,5 – 6 år […]

9 mils reis i 10 år for ungane, frå dei er 5,5 – 6 år gamle, amputert tid til fritidsaktivitetar.
Burde ikkje skulen fått vera i dei to åra det er nok elevar? Så kunne ein sett på om det var mogleg å senda dei minste til nabokommunen, og dei eldste til Etne. Det er snakk om å velja 9 eller 3 mils reis.
Kva med framtida for Fjæra? Er vi tent med å høyra til Etne kommune eller Odda kommune?
Det er kanskje tid for å sjå på grensene, no når det absolutt ligg i tida for det.
I desse vegutbyggingstider har vi trudd at det skulle bli næringsutvikling ved Halvfjoringen. Ingen har vel unngått å sjå bilder og tekst som seier at det og blir amputert. Kommunen var med på planane. Kven tek ansvar for at dei ikkje vert fulgt?
Kva med kaiområdet på Fjæra? No med brakkeriggar over heile området. Kan det bli fint etterpå?
Tilbake i tid var det satt av 50.000 kroner for å få eit fint område. Då det ikkje vart avklara med grunneigarane og kommunen, forsvann dei pengane.
Kanskje det no kan bli ei ordning?
Det er mykje å ta tak i for å få ei triveleg bygd, men då må ein vakna opp på alle plan no!
Ellers trur eg bygda dør ut ved naturleg avgang som dei seier når det skal rasjonaliserast eller sparast i dette land.

Fjæra, 10.11.04
Inger Mari S. Melkeraaen