Men so frå ei anna sida, seies det at det er so mange arbeidslause. Då er det vel mange som har arbeidslausetrygd, og då hadde dei havt god anledning å hatt 3 – 4 timar til veka å hjelpt mange eldre som treng hjelp. Det kunne vera ganske enkle ting, for eksempel, hjelpa dei å handla og litt lettare i huset. Det er alltid eit kvart lite å hjelpa. Koka ein kaffikopp og prata litt, å kosa for dei gamle.
Det hadde vore ei god hjelp, for dei som er heimehjelp. Dei må gjerne venta til klokka er både 10 og vel so det før dei får koma opp om morgonen.
So vil eg med det same takka for veldig god hjelp frå Heimesjukepleien og heimehjelparane. Det einaste eg tykkjer er at prisen per time for heimehjelp kunne vore den same timebetaling for alle som har heimehjelp. Det har alltid vore stygt å gjera forskjell på folk.
Sina Hardeland