— Eg trivest veldig godt, og har ingen planar om å skifte jobb, seier Tina Sparchholz.
Sidan ho kom til Noreg frå Tyskland for fem år sidan, har ho vore tilsett i Suldal kommune. Tina Sparchholz bur på Sand saman med sine tre born, og pendlar fire dagar i veka til Vikedal. Kvar onsdag har ho fri.
Andreas Andreassen bur i Vikedal, og var også frå 1991-1997 lege i heimbygda. I 1997 fekk han jobb som barnelege ved Haugesund sjukehus. No har han eitt års permisjon frå 60 prosent av denne stillinga. Torsdag og fredag reiser han på jobb til Haugesund, medan han kan gå til jobb resten av veka.
Har ikkje bestemt seg
— Kva skjer når permisjonen frå jobben i Haugesund er over?
— Det er for tidleg å seie. Eg har berre jobba tre veker på denne måten, så eg må ha litt meir tid på meg før eg bestemmer meg, seier han.
To som verkeleg har følt legestafetten på kroppen, er helsesekretærane Annbjørg Falkeid og Sonja Aarekol frå Sandeid.
Dei sit i resepsjonen og har måtta ta seg av alle klager og spørsmål. For dei har situasjonen dei siste åra vore vanskeleg.
— Eg har telt over, og kome fram til at me har hatt 62 ulike legar på dei siste ni–ti åra, seier Annbjørg Falkeid.
Ho legg ikkje skjul på at situasjonen på legekontoret til tider har vore veldig dårleg.
— Eg veit om fleire som har bytta fastlege, og som heller har reist til ei av nabobygdene til lege. No som me har fått to faste legar, ser eg allereie at den tendensen har snudd, seier ho.
Kjekt å gå på jobb
— Me er veldig glade for at me no har fått eit meir stabilt og trygt arbeidsmiljø. No er det kjekt å gå på jobb igjen, seier Sonja Aarekol.
Til tider har dei opplevd at pasientar har måtta byrje på nokre medisinar ei veke, for så å slutte og starte på noko anna den neste veka, som fylgje av dei mange legebytta.
— Det har vore eit samansurium! Det har vore veldig vanskeleg åmmeleghald er iallfall ikkje med på å skapa ro i rekkene.
Slik situasjonen er blitt er det likevel ikkje gitt kven som vert Høgre sin ordførarkandidat ved valet til hausten. Først på nominasjonsmøtet 23. mars vil ein få svaret. Mykje kan framleis skje dei nesten 14 dagane. Kor mykje bråket rundt nominasjonen har skada lokalpartiet, får ein først svar på til hausten. Det er likevel all grunn til å tru at partiet går ein tøff valkamp i møtet. Å motivera ei delt parti er ikkje lett, uansett kven som står på toppen av lista.