Nordiske songskattar

Monica Haugan er dirigent for koret og var gjennom heile konserten svært tydeleg. Med stø […]

Monica Haugan er dirigent for koret og var gjennom heile konserten svært tydeleg. Med stø hand og stort engasjement dirigerte ho alle dei 40 songarane på ein flott måte. Monica Haugan er eit unikum, når det kjem til musikalitet og engasjement.
— Hadde det ikkje vore for Monica, ville det ikkje vore eit Korinnante, sa Steinar Sørhus etter konserten.

I same kor
I haust slo Skjold songkor seg saman med Korinnante. Det var difor eit stort kor som stod på scenen i bygdehuset. Temaet for vårkonserten i år var «Den nordiske songskatten». Koret var innom både Noreg, Sverige, Danmark, Island, Finland og Orknøyane. I alt spanderte koret 34 nummer i løpet av den to timar lange konserten. Frammøtet var det ingenting å seie på.
— Eg trur me kom opp i om lag 130 innbetalande. I tillegg er det ein del som kjem inn gratis sidan dei hjelper til med ulike ting, sa Jakob Hatteland, som var med på å selje billettar.

Bada i iskaldt vatn
I løpet av konserten vart det vist bilete på ein storskjerm. Dei var med på å illustrere innhaldet i songane som vart framførte. Dette flotte tiltaket var det brørne Steinar og Asgeir Sørhus som stod for.
— Me har brukt ein del tid på å fotografere og setje bileta inn i rett samanheng og rekkefølgje, seier Asgeir Sørhus.
Ei natt innrømmer han å ha sete oppe til klokka fire for å kome i hamn med prosjektet. Eit bilete som fleire merka seg, kom fram under songen «Gje mig en dag». Motivet var av ein mann som bada.
— Er det eit bilete som de har teke?
— Å ja, det tok eg og dotter mi på fredag! Eg tok meg ein dukkert i Vatsvatnet. Temperaturen låg på omkring 4-6 grader, men det var ikkje så verst etter at eg hadde vore uti litt, seier Steinar Sørhus.
Innsatsen dei to har lagt ned i prosjektet, er det ingenting å seie på, og dei kan med god grunn vere nøgde med resultatet.

Mange høgdepunkt
Å trekkje fram dei beste nummera gjennom konserten, er ingen lett jobb. Det var rett og slett svært mange av dei. «Masurka» frå Gudbrandsdalen var svært god, men kveldens høgdepunkt kom då koret framførte Vampslageren «Ingeborg». Her fekk ein høyre både tromme, fløyte, piano og trekkspel i flott samspel, og solistane Aurelija P. Hustveit og Beate Tandrevold imponerte.
I pausen gjekk drøsen og ein kunne nyte heimelaga lappar, kaker og kaffi.
Etter pausen er det verdt å trekkje fram Stevrekkja som Norleif Fjeldheim framførte på ein svært sjarmerande måte. Den finske songen «Nakkaruoska» var hektisk og flott. Dei tre solistane viste at dei kunne halde tunga beint i munnen. To andre nummer som skilte seg ut var «Sommernatt ved fjorden» ved Torleif Svanæs og «Togsong».


Hanne R. Rosseland