Norsk fisk med kinesisk vri

Eksportutvalget for fisk markerte starten på arbeidet med å introdusere norsk sild og makrell på […]

Eksportutvalget for fisk markerte starten på arbeidet med å introdusere norsk sild og makrell på den kinesiske marknaden med eit besøk på våre kantar sist veke.
— Sunnhordland er eit viktig og stort distrikt i verdsmålestokk når det gjeld eksport av norsk sjømat, seier utsending frå Eksportutvalget for fisk i Kina og Korea, Jan Fossberg.
Difor er det ikkje tilfeldig at han vel dette distriktet når han skal vise representantar frå Kina norsk fiskerinæring.
— Vi starta på ein snurpebåt på Austevold. Der såg vi at fisken vart fanga, henta om bord, og korleis mottaksapparatet i land fungerte, fortel han.

Lærer om silda
Tre kinesiske kokkar, saman med sjefen sin, som driv eit lakseakademi i Kina, har denne veka lært om sild på Gastronomisk Institutt i Stavanger.
Dei tre kokkane har gjennomgått eit tredagars kurs ved instituttet, der eigenskapar og måtar å tilverke sild og makrell har stått i sentrum. Etterpå skal kokkane vere aktivt med å marknadsføre desse fiskeslaga i Kina seinare dette året. Blant anna skal dei brukast som foredragshaldarar på seminar rundt i Kina. 3.500 kokkar er alt i arbeid med å demonstrere norsk sjømat rundt i Kina
— Lakseakademia ein har i dag, vil snart få følgje av sild- og makrellakademi, fortel Jan Fossberg.
Han ser lyst på framtida for fiskeeksport til Kina. Her er det sterk vekst i kjøpekrafta, eit høgt sjømatkonsum og aukande etterspørsel etter importert sjømat. Alt dette er faktorar som er med og understrekar moglegheitene i den kinesiske marknaden.

Kulinarisk mat
På turen til Stavanger tok Jan Fossberg med seg kokkane heim til barndomsheimen i Ølen. Her vart dei sette i sving, og i løpet av laurdagskvelden trylla dei fram kinesisk inspirerte rettar på rekke og rad på kjøkenet til Ingebjørg og Sigfus Fossberg. Ei kulinarisk oppleving der fem rettar av laks og to av torsk kom på bordet i løpet av kvelden. Fleire av rettane var spesialitetar, som verkeleg gjorde godt for ganen. Kinesarane hadde med forskjellige smaksoljer frå Kina, og særs spennande var ein tomatsaus til rå laks pakka inn i tare frå Kina.
Og oppskrifta er: Ei blanding av østerssaus, chilesaus, kinesisk peppar, sukker, salt og litt vatn.