Norsk gardsmat i amerikansk magasin

Raphael Kadushin, som skriv for Arthur Frommer´s Budget Travel Magazine, var denne veka på rundtur […]

Raphael Kadushin, som skriv for Arthur Frommer´s Budget Travel Magazine, var denne veka på rundtur i distriktet. Dette er eitt av dei mest eksklusive magasina i USA.
Det er Innovasjon Norges New York kontor, Norsk Bygdeturisme og Gardsmat (NBG), i samarbeid med Rogaland NBG, som har lagt opp reiseruta. På programmet stod mat og overnatting på gardar rundt i Rogaland.
Tysdag var delegasjonen på besøk på Vikedal Gårdsmat og Eide Gard i Ølen. Tidlegare hadde han besøkt og overnatta på forskjellige gardar i Ryfylke.
— Det står endå igjen å sjå kven av opplevingane som kjem på trykk, men besøket markerer ein viktig moglegheit for gardsturismen i Rogaland, seier prosjektleiar for Norsk Bygdeturisme og Gardsmat, Kirsten Meyer Knutsen.

Laks og moltekrem
På Eide Gard fekk Kadushin servert omnsbakt laks med det som høyrer til, og moltekrem til dessert.
Johanne Marie Ronæs Heggebø på Eide Gard guida rundt i dei forskjellige husa, og Raphael Kadushin viste stor interesse, spurte ivrig, noterte flittig og tok masse bilde.
På spørsmål om kva han syntest om opphaldet i Noreg, svarte han at det var første gong han var her i landet, men at det han har sett og opplevd var svært positiv. Eit vakkert land og koselege folk.
Nå står det berre igjen å sjå om noko av det han opplevde på turen i distriktet, blir å finne i det amerikanske magasinet han representerte på turen.