Norsk nedtur mot Israel

Volleyball: Noreg–Israel 0-3 — Dette blei ein gedigen nedtur, oppsummerte ei skuffa Eydis Dalen (27). […]

Volleyball: Noreg–Israel 0-3

— Dette blei ein gedigen nedtur, oppsummerte ei skuffa Eydis Dalen (27). Ho er normalt blant Noregs beste spelarar. I helgas kamp var ho ei av fleire som ikkje klarte å innfri.
— Veldig skuffande. Vi var bra i det første settet, men då vi tapte det (25-23), blei vi meir og meir statistar utover i kampen, beklaga jenta frå Ølen etter 25-19 og 25-15 i dei to siste.
Eydis har hatt ein veldig bra sesong. Ho spelar for Koll, som vann både eliteserie og cup. I tillegg blei hå kåra til eliteseriens beste spelar denne sesongen.
— Klubbsesongen har vore veldig bra, mens eg er ikkje like tilfreds med det eg har gjort på landslaget denne våren, understrekar ho.
Noreg har slått både England, Sverige og Danmark dei siste vekene.
— Vi var definitivt ikkje gode nok til å slå Israel i helga, men vi er mykje betre enn det vi fekk vist i denne kampen. Dei to siste setta var rett og slett svake, medgir Ølen-jenta, som har slite med ein overtråkk den siste tida. Ha har derfor ikkje trent mykje dei siste vekene.

Moskva neste
Neste store oppgåve for Eydis er World Tour i sandvolleyball i Moskva om tre veker. Utandørs skal ho spele med Kristine Wiig (27) frå Skudesnes.
— Vi satsar på å spele så mykje som mogleg denne sommaren. Vi blir med på NM, elles blir det nok utelukkande spel i utlandet, fortel Eydis. Mens makker Wiig har planar om å satse hundre prosent utandørs, reknar Eydis med at ho er tilbake i Oslo til skulestart i høst.
— Eg fortset studiane mine ved landsbrukshøyskolen på Ås om ikkje noko heilt spesielt skulle inntreffe, seier Eydis, som då også tar eit nytt år i Koll.