Nutafanten 2005

Fjelltoppane er: Krakkanuten. 454 m. o. h. Kartref. 1214 III – 123046. Opp frå Knapphus […]

Fjelltoppane er:
Krakkanuten.
454 m. o. h. Kartref. 1214 III – 123046. Opp frå Knapphus er kortast, men brattast. Traktorvegen frå Alvseike er litt lengre, men lettare å gå.
2005: Laura Eikesdal vann med 123 noteringar.
Friarane Friarane ligg på høgdedraget bellom Gjerdesdalen og Blikrabygda. Det ligg nokre store steinblokker der, og det blir fortalt at unge gutar og jenter møttest der. Derfor namnet Friarane. Det er merka sti opp frå Blikrabygda, og frå andre sida er det traktorveg heilt opp. Det er ein fin start på turen vidare til Brennesteg, Vardafjellet og Aksla.
2005: Laila Mjølhus vann med 107 noteringar.
Steinslandsnuten 514 m. o. h. Kartref. 1214 III – 176083. Få naboen til å køyra deg til Steinsland i Sandeid. Fylg traktorvegen opp lia. På høgaste punktet på vegen er det ein kort avstikkar opp på nuten. Vegen går vidare ned Aurdalsdalen.
2005: Sverre Martin Strand vann med 17 noteringar.
Dei neste tre toppane høver det å besøkja på same turen. Ein kan gå opp frå Aurdal, men lettaste vegen er opp traktorvegen frå Blikra.
Aksla 693 m. o. h. Kartref III – 1214 III – 161063
2005: Solveig Eikesdal vann med 14 noteringar.
Vardafjellet 661 m. o. h. Kartref. 1214 III – 160053
2005: Solveig Eikesdal vann med 14 noteringar.
Brennesteg 520 m. o. h. Kartref. 1214 III – 163036.
2005: Leif Halvor Bakkevold vann med 47 noteringar.
Hovda 531 m. o. h. Kartref. 1214 III – 158013. To vegar kan ein tilrå: Opp traktorvegen til Arild Urdal, eller vegen opp fra Gjerde i Gjerdesdalen, forbi Gjerdesstølen.
2005: Skjalg Duesund vann med 76 noteringar.
Bjergafjellet (Fuglen) 537 m. o. h. Kartref. 1214 III – 119009. Vegen til Endre Stople opp Haukadalen er lettast og kortast.
2005: Kåre Haugen vann med 11 noteringar.
Kjort 606 m. o. h. Kartref. 1213 IV – 175984. Nuten ligg mellom Gjerdesdalen og Stokkadalen. Lettaste er det å fylgja traktorvegen til Gerald Eikeland.
2005: Boka forsvann, dermed ingen vinnar i år
Tordisnuten 444 m. o. h. Kartref. 1213 IV – 175657. Dette er toppen rett over Stokkafeltet, og det går sti opp frå sørsida av Kvamstjødna. Men ein kan og starta ved skulen på Stokkadalen og fylgja traktorvegen sørover.
2005: Bente Tyssebotn vann med 6 noteringar.