Ny Bjoa LagerLyd festival

Linn Gjerde, leiar i arrangementskomiteen understrekar at Bjoa LagerLyd er ein festival for alle. — […]

Linn Gjerde, leiar i arrangementskomiteen understrekar at Bjoa LagerLyd er ein festival for alle.
— Ja, for alle mellom 18 og 100 år, som likar god musikk, viser, pop og 60-talsmusikk, er dette staden. For dei som er glade i å danse, vil det også bli høve til å få seg ein svingom, seier ho.
Det er på den nybygde scena i Lageret på kaien det heile skal gå føre seg.
— Scena er blitt veldig flott, fortel ho.
Alt er lagt til rette for å lage ei god festivalstemning. På puben skal ein mellom anna få prøve allmennkunnskapane sine i ein pub-quiz.

Spennande artistar
— Vi har vore nøye med å plukke ut artistar som er lette å like, og som er kjekke å høyre på, og å danse til. Dei fleste har lokale røter, og fleire av dei har røter frå Bjoakanten.
Inger Mari Hetland skal synge viser, Martha Birkeland har folkeviser og jazz på repertoaret, Ingvild og Mildrid Arionson syng melodiøs pop. Emily Plays med sine akustiske coverlåter, eignar seg også godt til allsong. Pål Flåtene med bandet «Leftovers» spelar litt Beatles, pluss eigenkomponert musikk, og «The Fence» spelar hits av 60-tals bandet the Kinks. Siri Nesse med Tina Turner musikk, står også for eit flott sceneshow. Her er det som ein skjønar noko for ein kvar smak.
— Vi fann ut at lokal hurtigmat bør freiste. Inga Steinsland skal lage greske lammebollar med kjøt frå Steinsland. Dei har fått det klingande namnet Bjoababb.