Ny kontroll i Ølen

I tida mellom kl 19.30 til 20.50 onsdag kveld gjennomførte ei patrulje frå UP ein […]

I tida mellom kl 19.30 til 20.50 onsdag kveld gjennomførte ei patrulje frå UP ein trafikkontroll på E 134 i Ølen. 20 køyretøy blei kontrollerte, og ein bilførar er meldt for å ha køyrt utan gyldig førarkort. Politiet melder elles fin køyring.
Kvelden før var ei patrulje frå Etne og Vindafjord lensmannskontor ute i Ølen sentrum på kikk etter promillekøyring.18 bilistar blei sjekka og ingen av dei hadde promille.