Ny løyperekord i Åkrafjorden

Ein familiedag for alle. Sånn skildrar John Karsten Hustveit ”Langs Åkrafjorden”, som vart arrangert på […]

Ein familiedag for alle. Sånn skildrar John Karsten Hustveit ”Langs Åkrafjorden”, som vart arrangert på laurdag. Arrangementet var eit samarbeid mellom IF Klypetussen, IL Gro og Fjæra, og Rullestad IL. Her var det nærmare 200 som deltok enten med å gå, sykla eller springa løypa. Løypa, som er elleve kilometer lang, startar ved Kyrping bensinstasjon, og går vidare langs den gamle Åkrafjordvegen med målområde ved Åkrafjordtunet. Mosjonistar og folk i alle aldrar var nøgde med løypa dei hadde lagt ut på. Jon Karsten Hustveit, som er ein av personane som er i spissen i dette arrangementet, var nøgd med dagen.
— Eg kan seie eg er nøgd med dagen, men det kunne jo vore fleire deltakarar. Det byrja jo å regne i dag tidleg, så me har nok ikkje klart å trekkje alle opp av godstolen, seier Hustveit.
Ny løyperekord
Det var 31 deltakarar i klassen som sprang løypa langs Åkrafjorden. Løypa har tunge motbakkar og denne dagen var det motvind, så det var ingen lett tur å leggje ut på. Løyperekorden vart likevel slått med god margin av Svein Erik Eide frå Korlevoll, som sprang inn på 37.34 minutt.
— Det gjekk greitt dei fyrste to-tre kilometrane, men så kom bakkane og motvinden som var veldig tung å springe i, seier han etter løpet.
Blant damene var det også ein siger med god margin ned til andre plass. Marit Aarthun vann løpet med tida 45.59 minutt. Aarthun, som i fjor kom på andreplass, forklarer også løpet som beinhardt og prega av motvind.
Karusell med tre løp
”Langs Åkrafjorden” var eitt av dei tre løpa som vart arrangert i ein karusell. Sist laurdag vart ”Blømingsmile” arrangert i Lofthus i Hardanger, og sundag 13. juni er det klart for ”Røldalsløpet”. Til dei som deltek på alle tre løpa ventar det fine premiar. — Her kom det i dag folk heilt frå Voss til Haugesund, men kanskje mest folk frå Røldal, seier Jon Karsten Hustveit, og trur alle som tok turen langs Åkrafjorden ikkje vil angra seg på det.
I premieutdelinga til slutt var det mykje fine premiar som vart lodda ut, og noko gjekk til dei tre beste løparane i herre- og dameklassen. Eit gåvekort på 6000 kroner frå Hardanger Reisebyrå vart tilfeldig trekt ut til ein heldig Håvard Ørke.