Etter berre tre år som marknadssjef trer Ståle Tungesvik av.
— Eg har vore med i marknadsnemnda i mange år pluss diverse andre ting som eg har brukt mykje av fritida mi på, for eksempel musikklaget og Klypetussen. Nå har eg egoistiske tankar om å bruka fritida mi til det eg har lyst til, seier Tungesvik.
Han har vore med i marknadsnemnda i åtte år, i tillegg til to år på 1980-talet.
— Det er ein tradisjon for at marknadssjefane held ut lenge. Er det ikkje tidleg å gi seg etter tre år?
— Kanskje det, så det er godt mogleg at eg kjem til å angra bittert, seier Tungesvik, som lovar å stilla opp på dugnad også neste år.
Engasjera dei unge
Tysdag blir Martha Gro Kaldheim Håland formelt valt av marknadsnemnda, som består av representantar frå åtte lag i Etne. Kaldheim Håland blir dermed den første kvinnelege marknadssjefen. Ho har berre eitt års erfaring frå marknadsnemnda, men er aktiv i fleire andre lag.
— Eg har sommarfuglar i magen, men eg gler meg. Det blir spennande. Eg hadde aldri sagt ja viss det ikkje hadde stått ei så solid gruppe bak, dei er veldig godt innarbeidde, seier Kaldheim Håland.
Ho ynskjer å halda fast ved den tradisjonelle marknaden med landbruk, dyr og heimelaga mat.
— Det blir ingen revolusjon sjølv om eg er blitt formann. Folk går gjerne ikkje på marknaden fordi det er så mykje nytt, men for å treffa folk, seier Kaldheim Håland.
Ho har eit ynskje om å få fleire ungdommar engasjerte i marknaden.
— Me har slite med ungdomsgruppa, så me må prøva å få med oss dei. Få dei med på dugnad og få dei til å oppleva kor kjekt det er, seier Kaldheim Håland.
Få folk med seg
Tungesvik meiner at i mangfaldet av tilbod, blir publikum stadig meir kresne og at jobben som marknadssjef truleg blir vanskelegare og vanskelegare med åra.
— Kva eigenskapar har arvtakaren din som ein marknadssjef bør ha?
— Det med å kunna vera open, kommunisera med folk og få folk med seg, er viktig. Martha Gro er sjølv eit positivt vesen og det er nesten punkt ein for å få folk med seg. Ho er ein omgjengeleg person som eg trur kjem til å klara oppgåvene ho vil få. I tillegg kan ho snakka for seg og ho har litt erfaring frå lagsarbeid, seier Tungesvik.
På spørsmål om kva råd den avtroppande sjefen vil gi til ferskingen, seier han dette:
— Ein formann skal vera ein god teambyggar. Den største utfordringa er kanskje å få folk til å gå i takt, både når det gjeld nemnda og bygda. Så lenge bygda er med, er arbeidet tilnærma problemfritt, seier Tungesvik.
— Det høyrest bra ut, seier Kaldheim Håland, som lovar at ho ikkje kjem til å nøla med å ringa «gamlesjefen» for råd.
Jobben som marknadssjef er ei 25 prosent betalt stilling. I tillegg er Sølvi Grindheim Stople tilsett som sekretær i 50 prosent stilling.
Ny marknadssjef på plass
Etter berre tre år som marknadssjef trer Ståle Tungesvik av. — Eg har vore med […]