Ny metode i leseopplæring

Sissel Askvig fortel at Nylundmodellen, som den nye organisasjonsmodellen heiter, eigentleg kjem frå New Zealand. […]

Sissel Askvig fortel at Nylundmodellen, som den nye organisasjonsmodellen heiter, eigentleg kjem frå New Zealand. Nylund skule i Stavanger var på leit etter ein ny modell for lese- og skriveopplæring då dei fann denne modellen på ei studiereise til Australia og New Zealand.
— Eg hadde høyrt om den nye modellen, og på ein studietur til Stavanger fall eg pladask for det eg såg på Nylund skule. Eg syntes dette ikkje minst var ein fin måte å få ei tilpassa undervising på. Metoden skaper også meir engasjement og samarbeid mellom elevar, skule og heim, seier ho.
— Kva er største forskjellen frå tidlegare?
— Det er organiseringa. Her må ein ikkje låse seg til ein metode. Det blir tatt omsyn til at elevane er forskjellige. Elevane les meir enn dei har gjort før, og foreldra blir dratt inn i undervisinga. Kvar dag blir foreldra bedne om å bruke om lag ti minuttar til å høyre barnet sitt i leksa, og kvittere på eit lesekort, fortel ho. Denne tida bør vere overkommeleg for alle foreldre, meiner ho.
Ho fortel at Rygg skule starta med den nye opplæringa etter vinterferien i fjor, og at det fungerer veldig fint.
Erfaringa frå Nylund skule, der dei har drive etter denne modellen i fire år, er også svært god. Tilbakemeldingar derifrå viser at elevane er blitt flinkare. Fleire gjer alt rett, og utviklinga er svært god.
— Dei store forventingane dei hadde er blitt innfridde, seier Askvig.

Stasjonar
Klassa blir oppdelt i grupper, som sirkulerer mellom seks stasjonar med kvar sine hovudfelt. Ein stasjon er lærarbetjent. På dei andre kan elevane arbeide med blant anna lesing, skriving, finmotorikk og samarbeid ut frå sin eigen ståstad. Eit målkort skal vise kva kvar elev skal øve ekstra på. Når det oppsette målet er nådd tre gonger, kan han det.
At arbeidet i gruppene fungerte roleg og fint, fekk Grannar sjølv oppleve då dei var innom. Ivrige elevar jobba i gruppene, og når tida ved stasjonen var over vart dette tydeleg markert. Konsentrasjonen ved ein ny stasjon skulle vere hundre prosent.
Askvig fortel at modellen krev mykje planlegging, men gruppeundervisinga er lett og oversiktleg å gjennomføre. Dessutan ligg det føre mykje godt materiell.
— Små bøker tilpassa kvar einskild elev, lettleste og med godt biletmateriale, har vore lette å få tak i. Desse er verdfulle i undervisinga, likeins har Nylund skule vore hjelpsam med materiell, fortel ho.
Denne hausten har lærarar i småskulen, 1.- 4. klasse frå alle skulane i Etne, starta på kurs etter Nylundmodellen, og skulane vil etter kvart ta den nye modellen i bruk.