Ny runde med reguleringsplan

— I ein så stor plan måtte ein rekne med ein del innspel, seier plankonsulent […]

— I ein så stor plan måtte ein rekne med ein del innspel, seier plankonsulent Ivar Kalkvik i Etne kommune. Dette har ført til at reguleringsplanen for Etnesjøen del 2 nå blir lagt ut igjen med ein del endringar.
— Det har kome motsegn frå mellom andre miljøvernavdelinga og landbruksavdelinga i Hordaland fylke. Vi har valt å vere positive til ein del endringar og har imøtekome fleire, difor håper vi det er nok til at motsegnene blir trekte tilbake, seier Kalkvik. Han meiner dette ikkje vil forlengje arbeidet med planen meir enn høgst eit halvt år.
— Denne gongen har det vore viktig å leggje til rette for sentrumsnære bustadområde, difor har vi ikkje kunna kome alle innvendingane frå landbruksavdelinga i fylket i møte. Derimot har vi imøtekome miljøvernavdelinga, og gjort ein del endringar i samsvar med deira ønskje, seier Kalkvik.
Eit offentleg byggjeområde aust for Enge skule er ført tilbake til landbruk igjen. Det som var tenkt her, vil bli løyst innan sentrumsområdet på annan måte, seier Kalkvik.
Medan bustadområdet like ved er utvida med seks tomter.
Elles er det i det nye framlegget lagt ei frisone langs elva.
Også i tilknyting til parkeringsplass ved badeplassen på Julaskår er det gjort nokre endringar. Likeins ved Enge bedehus der arealet er justert til 20 meter frå elva.
Når det gjeld vegsystemet mellom Kulturhuset og Enge skule, blir det slik det er i dag.
— Det finst ingen pengar til så store endringar som var lagt inn i planen på lenge. Difor har vi tatt omlegging av vegsystemet ut av planen nå. Her kan ein gi seg tid for å få gode løysingar, seier Kalkvik.
Barnehageområdet var også større i siste utkast til reguleringsplanen. Nå er dette området minka ned frå 12,3 dekar til 8,8 dekar. I dag er området på 5,7 dekar.
— Dette opnar både for påbygg, og større uteareal. Noko som vil dekke det behovet ein har framover, trur Kalkvik.