Kommunestyret vil vente med å ta stilling til forslaget frå rådmannen om å avvikle bassenget i Ølen og prioritere bassenget i Vats.
Lagnaden for dei to symjebassenga i Vindafjord blir først avgjort i budsjettvedtaket for 2007 den 5. desember.
— Eg foreslo å utsette saka sidan Vindafjordhallen ikkje er med i budsjettforslaget til rådmannen. Dermed krev vedtaket ei løyving, og det må vi gjere i budsjettet, seier ordførar Arne Bergsvåg.
Vurdere deling
Rådmannen foreslår å gi Vindafjordhallen 1,5 millionar kroner i året og samstundes setje kroken på døra til bassenget i Ølen.
Bergsvåg vedgår også at det ikkje er ein ønskjesituasjon å avvikle bassenget i Ølen, og han vil drøfte alternative løysingar.
— Dei to bassenga har ulike funksjonar. Bassenget i Ølen blir brukt til ekstra oppvarma terapibasseng for folk med revmatisme og muskellidingar. Det må vi også ta omsyn til, seier han.
Bergsvåg synest difor at forslaget frå forkjemparane for bassenget i Ølen kan ha noko for seg. Det betyr ei deling mellom dei to bassenga ved å redusere litt på opningstidene i Vindafjordhallen for å unngå stenging i Ølen.
Ny runde om basseng
Kommunestyret vil vente med å ta stilling til forslaget frå rådmannen om å avvikle bassenget […]