Westcon skal levera ein pelagisk trålar med lengde på 71 meter til rederiet Klondyke Fishing Ltd. Det er selskapet Taits-familien i Skottland som eig rederiet.
Fartøyet skal fiske etter sild, makrell og kolmule og skal utrustast for pelagisk tråling. Fartøyet skal ha ei innreiing for fjorten mann.
Endre Matre ved Westcon opplyser at skroget skal byggjast i utlandet, men at skipet skal utrustast i Ølensvåg som bygg nr. 26 i løpet av siste halvdel av 2006.
— Med denne kontrakten sikrar vi ei viktig basis sysselsetting ved verftet i Ølensvåg fram til november 2006, seier Endre Matre. Han fortel at på det jamne er det 200 personar som har arbeidet sitt ved verftet i Ølensvåg.
Nybygget er designa av Rolls-Royce Marine AS, som også skal levere alle teikningar og ein del av utstyret til skipet.
Matre fortel at førearbeidet med prosjektet startar i desse dagar, men at det det første året blir mest kontorarbeid. I april – mai neste år kjem skipet til Ølensvåg og arbeidet med
utrustninga tar til. Matre opplyser at det ikkje er nokon verft i Noreg som byggjer skipsskrog lenger. Det arbeidet blir utført i lågkostnadsland, det blir for dyrt i Noreg.
— Men når situasjonen ein gong er blitt slik, er denne måten å byggja skip på bra for oss. Det har gitt oss vekst heile tida og er med og sikrar ei langsiktig sysselsetting her i Ølensvåg, seier Matre.
For tida utrustar Westcon ein supplybåt for Eidesvik-reiarlaget som skal leverast til sommaren. Dette nybygget er designa av Vik-Sandvik AS. Vidare kjem Smedvig si boreplattform «West Venture» inn for reparasjon nå mars.
— Vi har òg fleire supplybåtar og fiskefartøy som skal dokkast framover, seier Endre Matre.
Nybygg til Westcon
Westcon skal levera ein pelagisk trålar med lengde på 71 meter til rederiet Klondyke Fishing […]