Nye spørsmål til partia

Kven skal vi stemma på? Vi har gått gjennom alle svara og sit att med […]

Kven skal vi stemma på? Vi har gått gjennom alle svara og sit att med inntrykk som er referert nedanfor. Vi oppfordrar elles den einskilde lesaren til å kontrollera vår forståing med eiga oppfatning av dei svara som er gitt.
1. Det er berre Kristeleg Folkeparti som går inn for eigedomsskatt i heile kommunen. Alle dei andre er i mot.
2. Framstegspartiet går ikkje inn for kommunal tilrettelegging av bustadfelt, men det gjer Arbeidarpartiet. Dei andre har ikkje ei klar meining om dette.
3. Høgre meiner at barnetalet i den einskilde krinsen skal avgjera om det skal vera grendeskular, dei andre partia vil ikkje ha endringar i neste valperioden.
4. Arbeidarpartiet vil nytta eiga heimeside til informasjon frå formannskap og kommunestyre, medan Senterpartiet vil at grendeutvala skal arrangera folkemøte. Dei andre partia vil ikkje gjera noko med dette.
5. Alle partia vil at det skal vera sjukeheimsplassar både i Vats og Ølen.
6. Høgre og Framstegspartiet vil sentralisera demenstilbodet til Vats. Dei andre partia har ikkje ei klar meining om dette.
7. Kristeleg Folkeparti vil at kommunen skal kjøpa pensjonattomta, Høgre og Framstegspartiet vil ikkje gjera noko og Arbeidarpartiet og Senterpartiet har ikkje ei klar meining om kva dei vil gjera.
8. Framstegspartiet er mot miljøprioritert gjennomkjøring med 40 km/t i Ølensvåg, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet er for, og Høgre og Arbeiderpartiet har ikkje ei klar meining om dette.
9. Framstegspartiet og Senterpartiet vil til ha kommunale gebyr til sjølvkost, medan Høgre og Kristeleg Folkeparti vil ha ei harmonisering med nabokommunane. Arbeidarpartiet har ikkje gjort seg opp ei meining om dette.
10. Framstegspartiet er mot høgfartsbane, dei andre partia er for.
11. Senterpartiet meiner at høgda på hus i sjøkanten i Ølen sentrum kan vera tre etasjar, dei andre partia har ikkje ei klar meining om dette.
12. Kristeleg Folkeparti har definert økonomisk handlefridom til eit par prosent årleg driftsoverskot, og vil nytta dette til barn, unge, eldre og vanskelegstilte grupper. Dei andre partia har ikkje ei meining om kva økonomisk handlefridom er. Høgre vil likevel bruka økonomisk handlefridom til betre teneste og ein reservepost, Arbeidarpartiet til barn og unge og Senterpartiet til eksisterande tenester. Framstegspartiet har som mål å frigjera inntekter frå Haugaland Kraft frå drifta av kommunen.
Det er ikkje Folkets Røyst si oppgåve å sjå etter spesielle mønster i dei svara som er gitt. Vi kan likevel konstatera at det er tidlegare stridsspørsmål der det nå er brei semje mellom partia.
Fleire av partia har i svara sine konstatert at kommunen sine inntekter har gått opp det siste året. Det er lite i svara som peiker ut retningar for vidare utvikling av kommunen dersom den økonomiske styrkinga varer i nokre år. Økonomisk handlefridom skal brukast til eksisterande tenester, betre tenester eller til barn, ungdom, eldre og svake grupper.
Vi vil derfor utfordra partia med følgjande oppfølgingsspørsmål:
13. Er dei økonomiske måla for budsjettkutta dei siste åra nådd?
14. Kva er partiet sitt mål for vidare utvikling av tenestetilbodet?
Vi håper partia vil gi svar i lokalavisa i god tid før valet.


Med venleg heising
Karl J. Granberg