Nye tomter snart klare for sal i Skånevik

— Sjølv om det høyres mykje ut med omlag 250.000 kroner er dette billeg i […]

— Sjølv om det høyres mykje ut med omlag 250.000 kroner er dette billeg i dagens samfunn. Ein får trass alt inkludert både vatn, veg, kloakk, straum og fiberrøyr, sa Kristoffer Vannes i formannskapet, då dei fastsette prisane.
Tomtene ligg i Skålnesfeltet i Skånevik. Omlag 110.000 kroner av tomteprisen går med til å finansiera «Barnehagevegen», som blir tilkomstveg til tomtene.

Så fort som råd
Tomtene er klare til å lysast ut. I kontrakten med entreprenøren som jobbar med «Barnehagevegen», er det lagt til rette for at tomtearbeid kan setjast i gong, dersom det ikkje hindrar anleggsarbeidet. Formannskapet meinar at det er viktig å minna om kriteria for tildeling av tomter, slik at ein unngår «hytter».
— Tomtene er først og fremst for personar som ynskjer å bli fastbuande i Skånevik, sa ordførar Amund Enge.
Tomtene ligg fint til i skråninga i Skålnesfeltet, og har ein flott utsikt utover fjorden. Tomtene ligg like ovanfor barnehagen, og ikkje langt i frå verken idrettshallen eller sentrum.