Nye Vindafjord ynskjer Etne velkommen

Først litt historikk. Tidlegare hadde kommunane Ølen, Etne og Vindafjord eit felles ppt-kontor. Ca 1990 […]

Først litt historikk.
Tidlegare hadde kommunane Ølen, Etne og Vindafjord eit felles ppt-kontor. Ca 1990 valde Vindafjord, av ulike grunnar, å melda seg ut og oppretta ei eiga teneste. Denne har etter det eg har fått opplyst, fungert bra.
Når det var klart at Ølen og Vindafjord skulle slåast, saman vart avtalen om det interkommunale selskapet med Etne sagt opp. For på dette området, som alle andre område, måtte Ølen og Vindafjord avklara seg imellom korleis tenesta skulle organiserast.
Det vart då tidleg klart at ein gjekk for ei organisering med tenesta som ein del av den øvrige kommunale drifta, lik den organiseringa som Vindafjord hadde.
Etne kom med ein henvendelse om å delta i den nye tenesta, dette vart positivt behandla i fellesnemda 24.08.04. Etne vart vidare invitert til å fylgja arbeidet i den prosjektgruppa som utgreidde pp-tenesta. Styret for noverande teneste for Ølen og Etne har såleis ikkje vore part i saka.
Administrasjonane i nye Vindafjord og Etne utarbeidde så ein avtale som fellesnemda godkjende utan merknader i sitt møte 15.03.05. Dagen etter går komité folk i Etne einstemmig inn for avtalen, ned nokre merknader. Desse vart aksepterte av nye Vindafjord.
På sitt møte 2. mai vel eit fleirtal i Etne kommunestyre å ikkje slutta seg til avtalen, men ynsjer å forhandla med andre kommunar, noko dei sjølvsagt står fritt til.
Til møte 10. mai blir fellesnemnda bede om å gje tilbakemelding om mogelegheitene til ei teneste, bygd på eit eige interkommunalt selskap.
Det var denne organiseringa fellesnemda sa nei til, då dette ikkje var føresetnaden frå starten. Det var heller ikkje tid til nye rundar, sidan denne tenesta skal vera klar 1. august.
Det har vidare vore fokusert på at kontoret er lagt til Vikedal. Fellesnemda ser at det i nokre høve, ikkje er det mest optimale. Lokaliseringa av kontora var ein omfattande kabal, der mange hensyn skulle takast.
Difor har fellesnemda sagt at det skal leggast til rette for møte/konsultasjon-funksjonar fleire stader, og dersom det er tenleg kan deler av ei teneste og leggast til andre stader. Dette gjeld og sjølvsagt andre brukarretta tenester i nye Vindafjord, på den måten skal brukaren sleppa å reisa langt.
Det fellesnemda og har sagt er at dersom dette ikkje fungerer etter hensikten, vil ein ta det opp til ny vurdering. Føler difor at problema rundt denne lokaliseringa er overfokusert, det er tross alt ikkje meir enn 12-13 minutts køyring frå Ølen.
I forslaget til avtale, som fellesnemda har sagt står ved lag, skal det vera eit administrativt samarbeidsorgan med representantar frå begge kommunane som skal utvikla tenesta. Denne blir lik for alle brukarar enten dei er frå Skånevik eller Vikebygd, vidare skal brukarane frå Etne ikkje måtta reisa til Vikedal.
Fellesnemnda håpar at Etne vil slutta seg til avtalen, til beste for dei barn og unge som treng denne tenesta.

Arne Bergsvåg leiar i Fellesnemnda for Ølen og Vindafjord