Dette lyftet vonar Noregs Mållag at den nye regjeringa er klar til å gje.
Komande år vil vere eit merkeår for nynorsken. Då er det hundre år sidan Noregs Mållag vart stifta. Dette vil vere eit spennande jubileumsår, der Noregs Mållag ønskjer å setje i gang kultursatsing i barnehagar og på barneskular, i tillegg til tiltak for å syne fram språkleg mangfald i Noreg og i verda.
– Då er det ekstra nedslåande at Noregs Mållag ikkje har fått noko lyft i samband med statsbudsjettet. Mållaget vonar at den nye kulturministeren vil ta tak i dette, seier Steinulf Tungesvik, leiar i Noregs Mållag. Løyvinga er i dag på 1 566 millionar kroner.
I framlegget til statsbudsjett manglar løyving til å etablere eit nynorsk nettleksikon og løyving til å lage eit læreverk på nynorsk for vaksne innvandrarar. Budsjettet står slik sett i motsetning til den nye erklæringa frå i går, der det vart gjeve konkrete lovnader om finansiering av eit nettbasert nynorsk leksikon, tiltak for auka bruk av nynorsk i media og at offentlege nettstader skal følgja mållova.
Steinulf Tungesvik,
leiar i Noregs Mållag
Nynorsken treng ny regjering
Dette lyftet vonar Noregs Mållag at den nye regjeringa er klar til å gje. Komande […]