Nyt campinglivet uansett ver

— Me er på ferie frå Ølen. Det har blitt ein tradisjon å reise på […]

— Me er på ferie frå Ølen. Det har blitt ein tradisjon å reise på campingtur til Vikedal. Me er to venninner som tar med oss ungar, seier Gunn Rakel Tjelle Jarmer.
Dei er til saman åtte personar som har leigd seg to hytter på campingen ved sjøen. Dei er ute i det småsure fredagsveret og spelar badminton når me møter på dei.
— Me treng ikkje reise lengre for å kome vekk. Ungane har det så kjekt her, held Jarmer fram.
Det er likevel først og fremst strandlivet som lokkar dei til Vikedal. Torsdagen hadde dei veret på si side og fekk dukka seg i sjøen.
— Det var ikkje kjempekaldt, men heller ikkje kjempevarmt, seier Sander Rossebø Svanæs.
Gjengen frå Ølen hadde eigentleg tenkt å vere campingturistar ut helga, men bestemte seg for å korte ned turen. Så kjekt er det heller ikkje når sola gøymer seg bak grå skyer. Dessutan ventar ein ny og lengre ferietur seinare på sommaren.
— Me skal til Danmark. Mannen min kjem derfrå, seier Jarmer.