Nytt år og lokale arbeidsplassar

Ei hyggjeleg oppleving er å treffa smilande folk som seier at dei er så glade […]

Ei hyggjeleg oppleving er å treffa smilande folk som seier at dei er så glade for at dei har arbeid, og let vel om arbeidsplassen sin.
Ein glytt på nettsidene http://www.etne.kommune.no og http://www.skaanevik.no viser bl.a. at fritidstilbod er det og mange av.
Når det gjeld Skånevik, Åkrafjorden og Etne, som eg kjenner best til, er min påstand at med breitt, godt samarbeid om utvikling i alle næringar, kultur og organissasjonsliv med meir, har me potensiale for fleire arbeidsplassar og innflytting til kommunen.
Her spelar kvar og ein innbyggjar sitt positive engasjement ei viktig rolle.
Når våre etablerte arbeidsgivarar tilset ein eller to nye, ser og høyrer me ikkje så mykje om det, men dei arbeidsplassane er like viktige som nyetableringar. Kanskje 2005 og blir eit spennande og godt reiselivsår i kommunen, for med E134 og båtsambanda som me har, ligg alt til rette for god utvikling også her.
Mi oppfordring for det nye året blir; fokuser på muligheitene og stå på!

Leif Arne Løvereide,
Skånevikprosjektet