— Slik sjauen var, er det uheldig at ein tar opp igjen denne saka fordi om Vindafjord kommune har fått ein førespurnad frå eit planlagt storkjøkken. Det er ingenting som har endra seg sidan kommunestyret vedtok at kommunen skal ha eigne kjøkken som lagar middag til dei eldre, seier Dominikus Bjordal. Han er leiar av eldrerådet og kommunestyrerepresentant for Senterpartiet i Vindafjord.
Liten respekt
Han meiner det er ei for alvorleg sak til å ta den opp i kommunestyret førstkomande torsdag.
— Her skal ting skje så hurtig at det tar innersvingen på både politikarane og dei det gjeld først fremst, nemleg dei eldre. Det er å vise liten respekt for dei eldre å ta saka opp på denne måten. Dei burde få fred med det vedtaket som er fatta, seier Bjordal.
Han meiner middagsmaten er eit viktig kjenslemessig spørsmål for eldre som har middagsmaten som eit høgdepunkt i løpet av ein dag.
— Kommunestyret vedtok at dei eldre skal få mat etter kok-server-metoden. No viser det seg heller at investeringa i kjøkkena blir billigare enn då vi vedtok dette. Det er endå ein grunn til å la saka liggje, seier eldregeneralen.
Amatørpreg
Han meiner det er eit merkeleg økonomisk reknestykke administrasjonen har lagt fram. Han er også overraska over at kjøkkendrift i kommunen blir eit spørsmål igjen fordi om det er planlagt eit storkjøkken i distriktet.
— Skal kommunen gå over til oppvarma mat og få det frå ein leverandør, må det ut på anbod. Her gjeld konkurransereglar kommunen er forplikta til å følgje. Difor er det merkeleg å knytte omkamp om eldrematen til eit firma som det ikkje er sikkert får anbodet, seier Bjordal.
Han meiner det er amatørmessig av administrasjonen å gripe fatt i saka på denne måten.
Øydeleggjande strid
Bjordal stiller også spørsmål om kommunen har råd til meir sjau enn det som er rundt barnehagar og miljøstriden i Vatsfjorden.
— Motstanden kjem ikkje til å bli mindre enn sist, og det er leit å utsetje dei eldre for dette. Det er øydeleggjande for kommunen med slike stridar, seier han.
Bjordal meiner også at eit positivt reknestykke i dag ved å kjøpe mat hos andre, fort kan bli eit heilt anna reknestykke seinare når prisen blir skrudd opp. Han meiner det også er viktig for kommunen å ha ein beredskap med kommunalt kjøkken knytt til omsorgstenestene.