Nytt skot på stamma i sporet

TRONDHEIM: — Eg hadde før start forhåpningar om å vere med og kjempe om noregscuppoeng. […]

TRONDHEIM: — Eg hadde før start forhåpningar om å vere med og kjempe om noregscuppoeng. For å klare det måtte eg inn blant dei 30 beste. Det er hardt i dette selskapet, sa han etter at dei første noregscup-poenga var i boks. Thomas blei nummer 55 i Hovedlandsrennet sist vinter. Det er eit arrangement som har status som uoffisielt Noregsmeisterskap for 14- og 15-åringar. I kamp med dei 300 beste i landet, sikra tenåringen seg premie med god margin. Lysten til å satse på langrenn blei ikkje akkurat mindre etter dei flotte resultata førre sesong.

Hovden-rekrutt
På etterjulsvinteren bestemte han seg for å søkje Hovden. Gleda var stor då tiendeklassingen på vårparten fekk beskjed om at han hadde fått plass på det anerkjente skigymnaset.
— Motivasjonen til å trene og konkurrere blei ikkje akkurat mindre etter det, seier Thomas etter løpet i Trondheim. Han ser for seg at det hadde blitt vanskeleg å satse for fullt dersom han blei buande heime i Sandeid. Dårlege snøvintrar har resultert i mykje farting dei siste åra.
— Det er ingen tvil om at dei som kjem frå snøsikre stader har eit fortrinn. Dei slepp å bruke mykje tid og energi i bilen. Eg synest det er meir givande med ski enn løping og rulleski når sesongen er i gang, seier Vestbø. Han har funne seg godt til rette både på hybelen og ikkje minst skulen. Miljøet og treningstilbodet har så langt svart til forventningane. Skigymnasiasten er også veldig tilfreds med den oppfølginga han får i samband med nasjonale renn.

Kvar helg framover
Hovden skigymnas har nemleg eit bra støtteapparat. Thomas innleia denne sesongen med å vinne eit renn i Setesdal. Der hamla han blant anna opp med løparar som hevda seg i toppen i helgas norgescuprenn. I går blei det 46. plass på Vestbø som er spent på korleis det går vidare. Han har allereie begynt å rette blikket mot noregscuprenna i Kongsberg om godt og vel ein månad. Junior-NM i Molde er likevel vinterens store mål. Dei første dagane i mars skal han kjempe om topplasseringar i rosenes by. Thomas er spent på om han klarer å følgje opp den flotte innsatsen. Han er glad for at det er fleire betydningsfulle renn i vinter enn det har vore. Thomas har ikkje heilt oversikt over programmet. Men det blir renn nesten kvar helg nå.