Nyttig informasjon

Skilta som nå er komne på plass, inneheld nyttig informasjon for folk som går i […]

Skilta som nå er komne på plass, inneheld nyttig informasjon for folk som går i fjellet. Jon Olav Tesdal, som er lommekjend i området og ekspert på gamle stadnamn, kan fortelja at det er mange som går tur innover i fjella som ikkje veit kvar dei har vore når dei kjem ned att. Magnus Saltnes har vore initiativtakar for skiltinga. Han tykkjer det er viktig at gamle stadnamn blir haldne i hevd. Dessutan peikar han på fleire døme på feil bruk av stadnamn. Stadnamnet Kritle er ved kraftstasjonen på Hardeland, og ikkje ved Røde Kors-hytta slik mange trur. Saltnes kan fortelja at namnet kjem av Kritleelva, som igjen har fått namnet sitt fordi ho «kritlar» seg ned mellom steinane.

Mange av stadnamna knyter det seg ein historie til. Til dømes Marihilder. Den store steinen fekk namnet sitt etter ei jente som fødde barnet sitt under steinen. Andre stader har fått namnet sitt etter gardsbruka dei høyrer til. Kjørkja har fått namnet sitt etter den karakteristiske steinen som står høgt og kneisar i dalen.
Det er dette som er så spennande med namn, seier Tesdal. Dei har som oftast ei historie knytt til seg. Difor er det viktig at dei ikkje går i gløymeboka, understrekar han.
Me er Tesdal, Saltnes og alle dei andre i «skiltgjengen», samt sogelaget og turlaget, stor takk skuldig for arbeidet dei har gjort. Slik informasjon under vegs vil gjera turen i fjellet rikare, samstundes som viktig kunnskap ikkje blir gløymt, men tatt vare på for fjellvandrarar som kjem etter.