Den beste skulen treng ikkje vera den dyraste skulen

Som kommunestyrerepresentant er eg og arbeidsgjevar, og eg vil også ha ein effektiv skule. Då […]

Som kommunestyrerepresentant er eg og arbeidsgjevar, og eg vil også ha ein effektiv skule. Då er det mi oppgåve i pålagde innsparingstider å peika på tiltak der eg ser noko kan gjerast utan at det vil gå utover kvaliteten for elevane.
Eg vil be Berit Mortveit Listog å koma og høyra på debatten i Kommunestyret neste gong skulesaker skal opp og ikkje referera til lausrivne utsagn i avisa. På kommunestyremøtet 14. februar 2006 gjaldt den aktuelle saka innsparing på budsjettet for 2006. Her blei det m.a. foreslått ein reduksjon på ein lærarstilling og reduksjon på ekstra spesialpedagogiske tiltak på 200 000 kroner fordelt på dei ni skulane våre.
I Kommunestyret debatterer ein saka som er på dagsorden, i dette tilfellet økonomiske tiltak i 2006. At andre som var på talarstolen snakka om at moglege tiltak for å få til innsparingar i 2007 og 2008 kunne innebera reduksjon av 10 lærarstillingar, får stå på deira rekning. Det var og dette som blei slått opp i Grannar. Mi oppgåve denne dagen var å presisera at det er rom for denne aktuelle foreslåtte innsparinga i 2006 i skulane våre. Eg har aldri korkje meint eller sagt at det er heilt greitt å kutta 10 lærarstillingar, slik Berit Mortveit Listog framstiller det.
Norge ligg i verdstoppen når det gjeld færrast elevar pr. lærar. Gjennomsnittet på skulane i landet vårt er 12 elevar pr. lærar. Så veit me og at Norge ligg i botnskiktet når det gjeld resultat,- både innan matematikk, naturfag, lesing og skriving. Sjølv innan trivsel og arbeidsmiljø scorar me ikkje på topp. Altså er det ingen automatikk i at høg lærartettleik gir dei beste resultata.
Ser me så på Vindafjordskulane, så er lærartettleiken frå 7,4 til 10.9 elevar pr lærar på dei ulike skulane. Alle dei tre største kombinerte skulane våre, Skjold, Vikedal og Ølen har ein lærartettleik på ca. 9,5 elevar pr lærar. Tar me med assistentane, så har eksempelvis Ølen skule ein vaksentettleik på 7.9 elevar pr vaksen.
Eg tar med desse tala for å visa at me har det godt på dette området i Vindafjordskulane i dag, men spørsmålet er om alle timane kan nyttast betre. Eg meiner at her har me noko å gå på, og det må visast vilje til til å organisera annleis og sjå moglegheiter for omleggjing når me av økonomiske grunnar er nøydde til det. Korleis kan me få betre utnytting av lærartimane og dei spesialpedagogiske tiltaka?
Her er eit konkret døme: Ein klasse gjennomgår nytt stoff i form av tavleundervisning frå ein lærar i halvparten av timen, for så å jobba med stoffet den neste halvtimen. Då treng ein berre inn med ekstra hjelpetiltak i den siste halvtimen, og dei lærarane som kjem inn kan veksla mellom to ulike klassar i løpet av ein skuletime. På denne måten unngår me «daudtid», der opptil fleire lærarar/assistentar kan stå og venta på å gjera ein jobb. Samstundes sparar me lærartimar.
Den einskilde skule må saman med PPT finna den beste løysinga for kvar einskild elev og for skulen. Med vilje til å sjå på moglegheiter i omgruppering og omorganisering kan mykje gjerast utan at det går utover kvaliteten i Vindafjordskulane.
Me veit at i næraste framtid vil me stå framfor fleire utfordringar når det gjeld pålegg om innsparing innan skule. Før debatten om skulestruktur og nedleggjing av skular kjem på dagsorden, skal me i alle fall vita at me har gjort dei tiltaka me kan gjera innanfor kvar skule og samstundes ha den beste skulen for elevane våre.

Tone Hatteland
Kommunestyrerepresentant og lærar Leiar Vindafjord Høyre