Økonomiske vanskar

Årsresultatet for 2007 hjå Etne Forbruksforening AS før skatt viser eit underskot på nærare 630.000 […]

Årsresultatet for 2007 hjå Etne Forbruksforening AS før skatt viser eit underskot på nærare 630.000 kroner. Medan omsetnaden auka med nærare 800.000 frå 2006 til 2007, enda driftsresultatet på minus 30.600 kroner.
Ein kredittsjekk i Dun & Bradstreet Norway viser at selskapet har 163.000 kroner i uteståande krav til åtte ulike aktørar. Ifølgje styreleiar Ole Martin Grindheim ser heller ikkje dei førebelse tala for fjoråret ljose ut for «forbruken».
— Me ventar framleis på resultatet for 2008. Men me veit at tala for det første halvåret var dårlege, seier Grindheim som er ein av dei største aksjonærane.

—På sjølvstyr
Etne Forbruksforening AS er den største aktøren på detaljhandel i Etne, med 23 tilsette og ei omsetnad på 40 millionar kroner i 2007. På haustparten 2007 blei lokala ombygde for MX Sport, Jernia og klesforretninga Mapp. I tillegg blei dei fleste kjølediskane på Spar fornya. I årsmeldinga frå verksemda blir det vist til at kostnaden med ombygginga på hausten 2007 har belasta rekneskapet fullt ut. Omsetninga auka med to prosent, men har ikkje nådde opp til dei forventa tala med ombygginga og nye avdelingar.
— Det er også blitt sett litt for lettvindt på innkjøpa av varer. Det gjekk svært fort i svingane under ombygginga, noko som nok tærte på eigenkapitalen, og på same tid blei det skifte av dagleg leiar. Spesialbutikkane har heller ikkje vore bidragsytarar på overskotssida, men dei er likevel naudsynte for å dra kundane som trengst, meiner Grindheim.
Han seier at styret i «forbruken» tar dei økonomiske problema på eiga kappe.
— Denne utviklinga har kome litt over tid. Drifta har gått litt på sjølvstyr, og styret har gjerne ikkje følgd butikken godt nok opp. Nå jobbar me mot å få meir engasjement inn i styret.

Ljos i tunnelen
Tiltak er allereie sette i gong for å snu den negative trenden.
— Nå snur me kvar stein. Mellom anna må me sjå på varebehaldninga, utgiftene og lønnskostnadar. Me har fordelt reduserte timetal på fleire av dei tilsette hjå oss, og me har regulert opningstidene etter når det er god handel på butikkane. Sjølv om tala for første halvår i 2008 var dårlege, ser me allereie at tiltaka i haust har gitt positive resultat, og tala for andre halvår ser ut til å peika i rett retning, fortel styreleiaren.
Grindheim seier at det var forventa ei nedgang i omsetnaden for verksemda i fjor, men den nedturen kom aldri. Nå er han likevel positivt innstilt for utviklinga vidare, etter at innsparingstiltaka allereie ser ut til å ha gjort seg gjeldane. Og han vil gje mykje av æra til dei tilsette for drifta i dei dårlege tidene.
— Trass masse negativt snakk, dårlege signal om vanskeleg økonomi og innsparingstiltak, har dei tilsette vore eineståande. Dei har dratt lasset i lag og vore engasjerte for å halda ei god drift, skryt Grindheim.