CC Cowboys-konserten fredag kveld var det store høgdepunktet for svært mange. Dei ivrigaste publikummarane var i ekstase der dei klinte seg opp mot scenekanten. Undertøy blei kasta opp på ikkje heilt purunge Fredrikstad-cowboyar, som etter konserten ikkje la skjul på at dei var positivt overraska over mottakinga dei fekk.
Programmet var breitt og imkluderande. Då skotske Wolfstone gjesta festivalen for tredje gong laurdagskvelden, møtte dei ivrigaste tilhengjarane opp i kilt. Ettermiddagskonserten med Han Innante trekte eit litt vaksnare publikum. Ført an av ei ivrig og smilande Reidun Hedetoft fekk publikum attpåtil vera med og dansa i gatene i småregnet, til tonane frå ei bulgarsk sekkepipe og rytmane frå ei keltisk krigstromme.
Solid overskot
Det blei selt om lag 3.500 billettar til Vikedal Roots Festival 2004. Festivalleiar Anne Cecilie Berentsen reknar med at det på det meste var 1100-1200 mann i det store konsertteltet då CC Cowboys spelte fredagskvelden, og like mange dagen etterpå.
Ei førebels oppsummering måndag føremiddag tyder på eit overskot mellom 200.000 og 250.000 kroner. Desse pengane kjem godt med for laga og organisasjonane som ber festivalen ved dugnadsinnsatsen sin.