Fjordkafeløpet lørdag 8. juli samla rundt hundre personar i alle aldrar. 77 deltok i løp og tur i eit fantastisk ver i nydelege omgivnadar. Vinnarar i år vart Marit Årthun og lovande Lars Håkon Ramstad. Begge på ny løyperekord.
Kortløypa for dei under 12 år var òg populær og stas var det å motta premiar frå Ole Ellefsæter. Han var tydeleg imponert over dei unge som var med på løpet lørdag, og den lange fjellturen til Kvangernuten på1040 moh. søndag.
Premie vanka det òg til alle som hadde delteke i Åkraløpet, Langs Åkrafjorden og Fjordkafeløpet.
Fullt hus
Idrettsseminaret fredagen samla fullt hus, ca 50 personar i bedehuset på Bjellandsnes.
Friske innleierar var Ole Ellefsæter, Irene Gulli, Erling Askeland og Bjørn Tore Bergane. Dei fokuserte på kva den enkelte vil med treninga, og kor masse du vil legge i det. Alle var opptatt av fjellets positive verknad i treningsarbeid og restitusjon. Viktigheten i ekte idrettsglede og å komme i eit godt miljø.
Ole Ellefsæter la vekt på lærdommen frå sin første inspirator og trenar Kristen Kvello, og meinte det var like aktuelt tema i dag. At det går an å trene viljen, generell trening og rikeleg med søvn. Ein time trening krev tre timar søvn. Er treninga for hard, går det lett ut over søvnen.
På eit litt leiande spørsmål etterpå om kva han synest om arbeidskulturen i deler av IT-bransjen i forhold til nok søvn, kom hans meining kontant; Legane bør åtvara mot for lange arbeidsøkter utan nok søvn!
Fennemenal opplevelse
Ole Ellefsæter oppsummerte sin firedagars visitt i Etne kommune med Åkrafjorden som base til ein «fennemenal opplevelse» og rosa Gisle Sellevold for si drivkraft og hans evne til å komme med positive innslag i kvardagen. Artig synest han det òg var å høyre litt av historien frå nordsida av Åkrafjorden og sjå kor folk har klart seg med store familiar som voks opp der.
Den tidlegare OL-vinnaren og kona Ingveig hadde snakka om å besøke Vestlandet i år, så då Gisle ringte, vart valet lett.
Samfunninteressert hedemarking
Iført t-skjorte med teksten Bli i Nybygda, avslørte Ole Ellefseter seg som samfunnsengasjert og syntest Kari og Ola Normann generelt ikkje har nok forståing for kor viktig bygdeutvikling og bygdebevaring er. Hans heimbygd Nybygda ligg i Ringsaker kommune der Næroset har gjort seg kjent både nasjonalt og i enkelte andre land for si kreative bygdebevaring.
Han meiner likevel svenskane ligg føre oss med bygdefråflytting og gjengroing. Noko me ikkje treng ta dei igjen på. Han er òg einig med Jens A. Risnes som er nokså tydeleg på at folk vil sjå bygdene som er i bruk og kor viktig bøndene sitt arbeid er for Noreg som nasjon generelt og reiselivsnæringa spesielt.
OL-meisteren på 5 mil er naturleg nok ein friluftsmann og undrast over at så mange i alle aldrar sit inne og ser på skrekkfilm.
— Det er kriminalitet nok i Norge, meiner han. Og playstation omtalar han som – noko så kunstig i eit land med friluftsliv som tradisjon.
Etter ein snartur til Haugesund, legg pensjonistekteparet Ellefsæter turen heimatt til Nybygda og Fjordkafeen fortset med interessante aktiviteter resten av juli.
Ole Ellefsæter, Fjordkafe og mykje meir
Fjordkafeløpet lørdag 8. juli samla rundt hundre personar i alle aldrar. 77 deltok i løp […]