16. november legg samferdslesjefen i Hordaland fram si innstilling som inneheld tre alternative løysingar til det framtidige snøggbåttilbodet i Sunnhordland. Alternativ tre vil føra til ei kraftig svekking av snøggbåttilbodet i Grannar-distriktet.
— I dette alternativet er det lagt opp til eitt fartøy mindre enn i dag og då er Ølen og Utbjoa ute, seier Rolf Rosenlund, nestleiar i samferdsleavdelinga i Hordaland fylkeskommune.
I dag har Utbjoa ein tur om morgonen og ein om ettermiddagen. Ølen har fire avgangar på kvardagar.
Svekkjer Skånevik
Også Skånevik vil få eit svekka snøggbåttilbod dersom fylkespolitikarane går inn for dette alternativet. Mot fem daglege turar i dag vil det med dette forslaget bli tre avgangar.
Rosenlund forklarer at alternativ tre fører til at det berre blir ein båt som skal gå i Sunnhordland-bassenget.
— Ein sparer mykje pengar på dette, men det er eit spørsmål om politisk prioritering, seier Rosenlund.
Alternativ ein frå samferdslesjefen i Hordaland går ut på å behalda dagens rute omtrent som i dag. Alternativ to inneber at ein set opp ei snøggbåtrute mellom Rosendal og Bergen.
Vil betala
Hordaland fylkeskommune har sendt eit brev til Rogaland fylkeskommune der dei ber om svar på om rogalendingane vil halda fram med å støtta snøggbåtruta til Utbjoa og Ølen. I dag betaler Rogaland i overkant av to millionar kroner årleg for dette.
— Per i dag ser det ut til at me vil halda fram med å betala. Me har lagt det til grunn i budsjettet vårt for 2006, seier Gunnar Eiterjord, samferdslesjef i Rogaland fylkeskommune.
Jamvel om Rogaland betaler, kan ikkje det redda snøggbåten til Ølen og Utbjoa dersom fylkesutvalet i Hordaland går inn for alternativ tre. Med berre ein båt er moglegheitene avgrensa.
— Dersom ein skal ha eit alternativ med ein færre båt får ein ikkje meir ut av det jamvel om Rogaland betaler. Viss me skal kjøra inn til Ølen, tar det si tid, seier Rosenlund.
Fylkesutvalet skal ta stilling til dei tre alternative løysingane om tre veker.
Kven som skal driva snøggbåtrutene i framtida er nå ute på anbod. Dette skal bestemmast etter at rutetilbodet er vedtatt.