Ølen på sidelinja

Gamle Vindafjord har nøyaktig dobbelt så mange representantar som Ølen kommune når kommunestyret i nye […]

Gamle Vindafjord har nøyaktig dobbelt så mange representantar som Ølen kommune når kommunestyret i nye Vindafjord trer saman etter årsskiftet. Det er ei klart skeiv fordeling når ein ser på folketalet i dei to kommunane.

Å blinke ut politikarar ved å gi ekstrastemmer, eller å føre opp representantar frå andre lister, er ein del av det demokratiske spelerommet der relativt få kan utrette ein god del. Når Imsland og Vikedal ikkje har eigne bygdelister, er det naturleg at desse bygdene får ekstra påverknad på dei ordinære partia.
Men når postadresse er det mest avgjerande kriteriet, blir det eit uheldig utslag. Uansett er taparane Ølen og Ølensvåg som kvar for seg har færre representantar enn Imsland.
Når folkerike område som er sentrum for handel og industri i den nye kommunen, blir spelt ut på denne måten, vil det få konsekvensar. Men viljen til å byggje opp eit kommunesenter har ikkje hatt så sterk posisjon blant politikarane. Og utkantane kan vere trygge på at dei har meir enn ei hand på rattet. Det lyder som ein kjent melodi frå valkampen.

Det er eit paradoks at nettopp Vindafjord har stått steilt på at vi i dette ekstraordinære kommunevalet ikkje skulle få vite valresultatet i dei ulike bygdene. Det er Sp og Ap sine lister som er brukt for å skaffe Imsland og Vikedal åtte representantar frå desse to partia.
Ordførar Reidar Håvås stilte seg i spissen for at valresultatet i dei ulike krinsane skulle vere hemmeleg, medan ordførarkollega Arne Bergsvåg i Ølen tok det motsette standpunktet. Det er nok fleire som i dag angrar på at dei ikkje støtta Bergsvåg i valstyret, slik at realitetane omkring valet kunne bli betre belyst.