Ølen senter jubilerer

Etter opninga av Ølen senter for tre år sidan, har det vore ei god utvikling […]

Etter opninga av Ølen senter for tre år sidan, har det vore ei god utvikling for alle butikkane i kjøpesenteret, seier leiar i senterforeininga, Jimmy Næs. Det har ikkje lukkast å fylle senteret heilt. Som for to år sidan, er det også i dag to tomme butikklokale. m
— Men det er gledeleg å konstatere at butikkane går godt. Då senteret opna, starta det nye klebutikk-konseptet Begge to. Svært positivt er det at denne butikken i dag står godt på eigne bein. Når det gjeld dei andre butikkane, er det små endringar, men Ølen Blomster har fått eit breiare utval med gåveartiklar, noko som har vore etterlyst. Posten har for kort tid sidan starta med sal av musikk og DVD. På sommarstid har det kome eit nytt tilbod til båtfarande. Det er bygd ei flytebrygge tilkopla straum og vatn, fortel Jimmy Næs.
Populær kafe
Kafedrifta i senteret kom i skikkeleg drift for to og eit halvt år sidan då Geir Jansen starta Geirs Godbakst. Han fekk det til å bogna i kafedisken.
Geir Jansen fortel at han eigentleg er tømrar, men at det er som bakar han har jobba det meste av tida.
Han driv kafeen stort sett aleine, og fortel om ein svært krevjande arbeidsdag.
— Eg startar her klokka fire om morgonen, og er ikkje ferdig før rundt klokka 17.30. Det er ikkje så stor lønsemd at eg kan leige folk heile tida, og når eg lager alt frå grunnen av, tek det si tid. Det er stort sett berre om laurdagane eg har hatt folk med meg her, seier han.
Feiring
— 14. november 2002 opna Ølen senter. Difor er det naturleg å feire treårsdagen laurdag 12. november. Dette er ein passande dag, seier Jimmy Næs.
Då skal heile senteret aktiviserast. Det heile begynner med ein enkel frukost til handlande mellom klokka ti og elleve. Så går det slag i slag med tilbod utover dagen. Eit titals tilbod vil bli annonserte med jamne mellomrom frå dei forskjellige butikkane.
Eitt av høgdepunkta blir Matpackers som skal spele.
— Men lyden skal bli slik at han ikkje skremmer nokon heim, lovar Jimmy Næs.