Ølen vann ordførarduellen

Etter ein haust med nerdefotball som eitt av dei mest populære programma på fjernsynet, var […]

Etter ein haust med nerdefotball som eitt av dei mest populære programma på fjernsynet, var det fredag duka for ein fotballkamp mellom dei to sporty ordførarane, Amund Enge og Arne Bergsvåg. Ingen av dei hadde spela meir enn halv kamp tidlegare, så det var heilt klart at dette kom til å bli på «Tufte-nivå».
Laget til Amund Enge stilte i Etne-trøyer, damene i skjørt og Amund sjølv med krigsmåling i andletet og slips rundt hovudet. Ordførar Arne Bergsvåg sitt lag hadde grøne t-shirt med påskrifta: «Heia Tufte» på ryggen. Begge ordførarane hadde blanda lag med kvinner og menn frå lokalpolitikken.
Det var russen i Ølen som hadde invitert dei to ordførarane til kamp for underhaldninga sin del som ei opning på den årlege nattcupen, og underhaldning vart det.

Bergsvågs lag tek styringa
Heilt frå start var det laget til Arne Bergsvåg som tok styringa, dei trefte ballen mykje oftare enn laget frå Etne. Knut Erik Ebne (SP) stod i mål for Etne og han fekk ikkje store hjelpa frå laget sitt med å halde ballen ute av nettet. Etter to baklengsmål for Etne bytte dei målvakt og Knut Erik Ebne, den fyrste målvakta, rasa framover banen i eit fantastisk løp og scora mål for Etne. Dette vart det einaste målet til Etne i kampen, men laget stod for mykje av underhaldninga. Den beste publikumsbiten var då Knut Grindheim (Frp) meistra å sklitakle seg sjølv to gonger på under eitt minutt!
Pausen nytta begge laga til å legge om taktikken. Laget frå Etne uttala at no skulle dei bli tøffe så motstandarane måtte fint belage seg på å feire jula på krykker. Laget til Bergsvåg vona dette berre var skryt og kunne meddele at deira taktikk var å ta ordføraren litt meir ut av spelet.
Kampen starta att og me såg ikkje noko til denne røffe spelestilen Enge sa skulle komme. Arne Bergsvåg stod i mål heile andre omgang og utan å sleppe ein einaste ball bak seg, kunne han stolt gå sigrande av banen med resultatet 4-1. I god fotball
tradisjon bytte dei to lagkapteinane trøyer etter kampen til jubel fråpublikum.
— Me gjekk inn for å skape liv og lage show og det klarte med fint, sa Amund Enge rett etter kampen.
— Ja, dette var kjekt, la Bergsvåg til, kanskje det hadde vore greiare for oss å spele på tvers av banen, det vart litt stilleståing slik som det var i kveld.
Dei to lokale kjendislaga gjekk av banen og inn kom nye og flinkare spelarar. Det var i alt 21 lag som var påmelde til årets nattcup, som heldt fram utover heile natta.