Jesus seier. Johs 10,30. « Eg og Faderen er eitt». Då var vel også Gud eitt med Jesus, då han hang på korset. Kunne Gud gjera meir? No kallar han oss. Siste sida i Bibelen har eit vers Åp. 22,17 «Anden og brura seier: Kom! Og den som høyrer det, han seier: kom! Og den som lystrar, han kome! Og den som vil, han tek livsens vatn ufortent. Har du gjort bruk av dette store frelsesverket?
Eg har i tillegg hug og skriva at me menneske, alle, har ein stor og mektig fiende som ikkje unner oss himmelens herlegdom. Heilt frå dei første menneske i Edens hage, til det siste menneske på denne jord legg vandringsstaven ned, er denne vondskapens fyrste i aktivitet. Det står: Då for Satan inn i Judas, Peter fekk oppleva den vonde. Jesus sjølv kjempa med den vonde i øydemarka, så me går ikkje fri. Ta han imot, først i brura, seier Peter i brevet sitt. Dette er det mest alvorlege val for alle menneske. Den vonde kan koma som ein engel. Det er over alt anna stort og ubegripeleg, at Gud med det som hende med Jusus på Golgata redda heile menneskeslekta.
Erik J. Grønstad