Om å sopa for eigne dører

Eg las i Grannar om Etne kommune sitt krav mot Brynjulv Hus på Skånevikstrand på […]

Eg las i Grannar om Etne kommune sitt krav mot Brynjulv Hus på Skånevikstrand på 180.000 kroner for dagmulkt for manglande godkjend avløpsutslepp. Mens dagmulkta pågjekk, leigde Etne kommune Brynjulv Hus sin bolig til omsorgssenter, i påvente av at eksisterande skulle bli ferdig utbygd. Dette krev Etne kommune også dagmulkt for i leigetida.
Eg må ærleg innrømma, eg blei rasande då eg las innlegget, og det tok tid før eg hadde roa meg ned. Denne saka har ein historie, der Etne kommune, «må sopa for eigne dørar», og sjå sine eigne problem innandørs.
Her har politikarane eit overordna ansvar, som må komma til overflata, og ta fatt i dei problemstillingane ein del ting medfører.
Eg har merka meg at dei ansvarlige i Etne kommun, er flinke til å gå inn i skapet, og låsa etter seg. Når noko står i media som dei burde svart på. Etne kommune har hatt ein del saker gjennom tidene, også med Brynjulv Hus, men kommunen har ikkje nådd fram med dei fleste. Så kva rører seg innanfor dei fire veggene i Etne Tinghus, som det heiter. Kan det vera elendig styring? Takk for sist? Maktarroganse? Noko må det vera. Ja, eg berre spør.

Skånevik 03.04.06
Ove Wiland