Mormor og mor har godkjent besøkstid til barnet to timar 14. februar. Mor spurte barnevernet om å flytte desse to timane til mormor sin 60-år dag som skal feirast 10. februar. Men nei du, det var det ikkje nokon sjanse for. Kan også legge til at 60-årsdagen skal feirast hos mormor si søster, som bur i nærleiken av barnet sin fosterheim. Fostermor var sjølvsagt velkommen til å delta i selskapet.
Forstå det den som kan. Dette er mest truleg den einaste gongen barnet har høve til å treffe heile sin biologiske familie som barn, og også den einaste sjansen mormor har for å få tatt bilde i lag med sine fire barnebarn. For ein fantastisk presang, å ha alle saman samla.
Har barnevernet nokon gong høyrt om at eit barn tar skade av for mykje kjærleik. Det skulle vel vere til det beste å ha omgang med menneske som bryr seg. Barnevernet er derimot for opptatt med paragrafer til å tenkje på at dette dreier seg om levende menneske.
P.S Kan barnevernet kanskje tenkje seg å sjå på den biologiske familien som ein resurs og ikkje som eit problem.
Sonja Nordhus