Om lokalaviser og rettsreferat

Saka som var ei erstatningssak som familien til Endre Rundhovde gjennom selskapet Laks Ørret AS […]

Saka som var ei erstatningssak som familien til Endre Rundhovde gjennom selskapet Laks Ørret AS reiste mot fru Emmerhoff Nilsen gjaldt eit pengekrav på over 140.000 kroner. Kravet gjaldt disposisjonar som fru Emmerhoff Nilsen gjorde i samråd med Endre Rundhovde som var eigar av ein bankkonto i Tyskland. Det var Rundhovde, og ikkje Emmerhoff Nilsen som gjorde uttaka frå Tyskland. Fru Emmerhoff Nilsen har såleis aldri tatt noko frå verken firmaet Laks Ørret AS eller frå Rundhovde sin familie.
Det retten har kome til er at ho må erstatte kroner 19.450 som gjeld rekningar ho etter avtale med Rundhovde betalte, etter at han også hadde gitt familien sin fullmakt til å ta seg av hans økonomi. Ein kan meine så ymse om kor vidt dommen er rett eller ikkje, men den sler på ingen måte fast noko som skulle indikere at Emmerhoff Nilsen har vore uheiderleg. Dommen seier berre at ho må bere ansvaret for den utbetalinga som blei gjort etter at familien hadde varsla om si fullmakt.
Dommen er verken sensasjonell eller pikant på noko vis. Nokon grunn for avisene til å tabloidisere denne saka er det ikkje. Det gjeld kanskje spesielt for lokalavisa sitt vedkommande.
Når Emmerhoff Nilsen og hennar familie kjenner seg sett i gapestokk av redaktør Grindheim, har det noko med kva denne familien har vore gjennom av trusselbrev, inkassokrav, telefaksar, telefonar og omtale frå dei som no sit igjen med eit pengekrav på nittetusen kroner.
Når det blei bede lokalavisa om ikkje å lage noka sak av denne dommen, var det ikkje fordi ein ikkje kan sjå kven som helst i augo med det resultatet retten har kome til. Men for Emmerhoff Nilsen er dette avslutninga på meir enn seks års forfølging, æreskjelling og negativ fokusering. På eitt stadium er tolegrensa nådd.
Eg har sjølv lang fartstid frå lokalpresse, og den fremste eigenskapen lokaljournalisten bør ha er sosial intelligens og empati som gjer at dei tar signala som familien Nilsen prøvde å gje redaktøren.
Det er sjølvsagt trist at pengane som Rundhovde brukte i Skånevikbygda ikkje gav utteljing i arbeid og velstand, men ingen skal gjera Anna Emmerhoff Nilsen til syndebukk for det.

Olav Jordal, Advokat og representant for Anna Emmerhoff Nilsen