Har for det mesta gje oppi Sæbøbakkjen bak kyrarevo å stelt med malking og kalvane. Reinska ugras i kålrotåkeren for å sikra portefølgje te pinnakjøte, var og ei viktig oppgåve. (Det er ikkje berre i åkrane det er ugras). Det er mange forskjellige ugrasnamn i politikken og, der dei fleste slutta på parti. Men det var nå ikkje detta eg sku spørja om. Det var nå denna nye middagen te dei gamle, denna ut og inn, kjøl og frys, kok og pakk, opp og ned langreiste middagen.
Amund ville få han frå Bergen han. Før i tio var det brennevine me fekk derifrå. Men det vil korkje du elle Amund veta noko av. Det vil de stedla med lokalt. Men middagen, noko kjøt å poteta med sos på. Det kan visst koma kor som helst frå. Det smakte vist godt og sa de begge ette prøvesmakinga, iallefall visst det vart billegare.
Inviter foreldro dåkes te 12 dagar gamal søndagsmiddag nå 2 – 3 søndagar framover våren, så skal me høyra. Eg kjenne godt adle fira eg, fornuftege folk det.
Skal tru om dåke får skryt, elle dei gjere dåke arvelause. Eg lura ikkje eg.
Men litt tilbake te detta med ventelasjonar, for å varma opp dessa potetene med tilbehør.
Har det gje gass i heile smørja, må kanskje oppvarmingskokko ha gassmaska.
I så fall skjøna eg godt at det trengs vifta te kr. 800.000 og så må me håpa på noravind så ikkje gassen legge seg ned øve sentrum. Særleg nå når venteromme er stengt.
Apropo Amund opna sitt nye venterom her for litt si, med snorklypping og allslag. Så nå er det vår tur te å venta på bussen i varme lokale.
Så vil eg berre ynskja deg Arne og adle dei andre Vindabuane som slepp å eta denna att og fram maten mange gode dagar når våren nå stundar te.
Du i Eiobråte og på Kårhus får halda deg fast i senjastolpen så du ikkje lettar. Gassfylte så du sikkert bli av poteter og erter som er kokte for halvanna veke si.
Etne 28.03.06
Endre Tjelmeland