Ein onsdag i månaden blir det spelt kampar, medan det er felles trening for alle laga kvar veke. Serien starta i byrjinga av november, og laga som er med i år er Omega, Skånevik, Halvorsen regnskap, Grannar, Lundeneset vidaregåande skule, Granberg og Berge Sag.
— Me sende invitasjon til fleire, men det var desse sju laga som melde seg på serien i år. Neste år er det høve for nye lag til å melde seg på, seier Per Arne Jacobsen.
Det var han som tok initiativ til den populære bedriftsvolleyen.
— Fleire av dei som er med har trent her ein del år tidlegare, men bedriftsturnering har me berre hatt ein gong i året, seier Jacobsen, som synst det var på tide å få litt meir sving på volleyballspelinga til dei bedriftstilsette her i distriktet.
KFUM Ølen har lånt vekk tid i hallen. Nivået på dei som spelar er varierande, og laga går under karakteristikken mosjonslag, med både menn og kvinner på alle laga. Jacobsen meiner bedriftsvolleyen er eit godt alternativ for dei som er middels gode, og tilbod for denne gruppa synst han det har mangla på tidlegare.
Førre onsdag spelte fira av laga kampar i Ølen – to kampar kvar. Trass i munter stemning, og at dei fleste spelar berre på gøy, var ikkje konkurranseinstinktet heilt fråverande. Eit par bedrifter har slått seg saman under eitt bedriftsnamn, fordi dei ikkje har nok spelarar til eit heilt lag. Laget frå Omega tronar hittil øvst på serietabellen, med Skånevik som nummer to. Omega vann begge sine kampar 3-0 førre veke, og er så langt overlegne.
Omega toppar volleyballturnering
Ein onsdag i månaden blir det spelt kampar, medan det er felles trening for alle […]