Me høyrde frå ein av Ap sine representantar på kommunestyremøtet at ein måtte respektera eit fleirtal. Men kva er det me ser her, jo at Ap ikkje godtar at forslaget deira fall, og ynskjer omkamp. Då respekterer dei ikkje fleirtalet!
Kvifor er det slik at det er Ap som alltid veit best? Dei ynskjer eit forsvarleg budsjett, og forslaget frå Høgre som vart vedtatt, er faktisk kvalitetssikra. Kvifor er ikkje dette godt nok?
Me reknar med at FrP, V, SP, Krinslista og Høgre fortsatt står ved sitt standpunkt.
PS!
Det vart påstått at talet på ungar i Rygg barnehage var synkande, men sidan vedtaket blei gjort er det nå fullt belegg i Rygg barnehage etter nåverande bemanning. Me ser at det er ei positiv utvikling på Rygg, og det er denne utviklinga me jobbar for.
Bente Bostrøm, Laila Flatebø, Tora Lilledal, Erling Hus, Jostein Grindheim og Svein Tesdal