Omkom i utforkjøring

Politiet fekk melding om ulykka klokka 23.02. Ingvald Christoffer Heggen var aleine i bilen, ein […]

Politiet fekk melding om ulykka klokka 23.02. Ingvald Christoffer Heggen var aleine i bilen, ein Opel Vectra, då han køyrde i støypekanten. Bilen blei delt i to i den kraftige kollisjonen. Den unge bilføraren døydde på staden.
Politivakta i Haugesund kan førebels ikkje seia noko om farten, men seier det har vore store krefter i sving. Ulykka blir etterforska av det lokale politiet og ulykkesgruppa i Statens vegvesen.