Omreisande med kam og saks

Utåker kjem frå Imsland, men ho bur med mann og barn i nytt hus på […]

Utåker kjem frå Imsland, men ho bur med mann og barn i nytt hus på eit gammalt gardstun i Nedre Vats. Etter å ha vore heime med små ungar ei stund, ønskjer ho å ta tak i frisøryrket igjen. Og ved å starte som omreisande frisør, kan ho slå to fluger i ein smekk: framleis få vere heime med ungane om dagen, men ta oppdrag utanom. «Frisørhjelpen» kallar ho tenesta si.
— Eg trivst godt med å vere heime, men tenkte eg ville tutle med noko anna på kveldstid og i helgane. Då kan eg også få halde ved like yrket mitt, for eg likar godt det eg held på med, seier ho.
Som omreisande får ho større fridom enn om ho skulle vere fast på ein salong. Ideen dukka opp etter at ho byrja å reise til besto til mannen sin i Nedre Vats for å klippe henne.
— Eg syntest det var så koseleg, fortel Utåker.
Då ho lufta ideen for venner og kjende, var responsen god. Og no har ho altså tatt steget ut og registrert eiga næring i Brønnøysund. Tenesta er også annonsert, og første kunden hadde alt tatt kontakt då Grannar besøkte frisøren førre veke.
Ope sinn
Utåker startar tenesta med ope sinn. Ho er ikkje avhengig av å tene ein spesiell sum, og ho har heller ikkje investert noko særleg i utstyr. Det hadde ho på førehand.
— Enten blir det noko av, eller ikkje, seier ho spent.
Det tok litt tid før det kom respons på annonsen, men då den første kunden hadde ringt, var Utåker ved godt mot.
— Det tar nok litt tid å jobbe seg opp, trur ho.
Folk må venne seg til tilbodet, og så må tenesta rykte seg. Utåker veit ikkje om at det finst noko liknande her i distriktet, men i byar har ho høyrt at det eksisterer noko som kallast Frisørekspressen. Det er ikkje alle som har like lett for å komme seg til frisør. I utgangspunktet tenkte Utåker at tilbodet skulle rette seg mot eldre folk, men etter kvart har ho sett at det også er fleire som kan ha nytte av dette, til dømes funksjonshemma. Eller familiar med små born som lagar litt for mykje liv i frisørsalongen.
Faste kundar
Prisnivået kjem til å ligge omtrent på vanlege frisørprisar. Klipp, vask, legg og tørk er det ho tilbyr førebels. Ho ser for seg ein reiseradius som omfattar Ølen, Vats, Sandeid og Skjold, utan at dette er heilt fast. Er det til dømes to personar i Vikedal som ønskjer klipp, kan ho kombinere.
— Ektepar er ideelt, påpeikar ho, og minner om at tenesta er like mykje for menn som for kvinner.
Utåker tok fagbrev i frisøryrket då ho var 20 år. Etter den tid jobba ho i Skjold og på Amandasenteret i Haugesund, før ho blei heime med ungar.
— Eg håpar å treffe igjen nokon av dei faste kundane eg hadde då, sluttar ho.