Ønskjer medvite næringsliv

— Me må vere stolte over vårt eige, seier Eidhammer, og siktar til nynorsken. Læraren […]

— Me må vere stolte over vårt eige, seier Eidhammer, og siktar til nynorsken.
Læraren og målkvinna frå Fikse i Ølen er full av lovord om vår tospråklege kultur, og ho fortvilar over det ho opplever som ei medvitslaus haldning til bygdespråket.
— Me har ein veldig verdifull kultur. Dei to språka våre skapar mangfald. Nynorsken har dessutan blitt så modernisert at det burde ikkje vere noka problem å bruke den. Språket er ein del av vår kultur og identitet, ikkje berre på bygda, men også i byane, argumenterer ho.
Trass i at bokmål og nynorsk har nærma seg kvarandre, meiner ho at grunnleggjande og vesentlege skilje er der.
— Men at språket endrar seg, det er jo klart, kommenterer ho.

Går glipp av mykje
— Kvifor er det alltid folk med nynorsk som må omstille seg til bokmål, undrar den engasjerte dama.
Eidhammer har fleire døme på bokmåltalande som nektar å tilpasse seg den nynorske skriftkulturen, og som får aksept for det. Omvendte tilfelle finn ho ikkje.
— Eg jobba som telefondame i si tid. Då blei ikkje min eigen dialekt godtatt, og eg måtte pugge alt eg skulle seie på bokmål. Det var ein vekkjar for meg.
Sjølv om mykje har endra seg, opplever ho stadig at det er eit skeivt maktforhold mellom dei to språkformene. Eidhammer meiner mindreverdskjensla knytt til det å vere nynorsktalande og -skrivande er like aktuell no som før.
— Nynorsk er eit veldig rikt språk. Me går glipp av mykje viss me ikkje brukar det. Det er eit meir direkte språk, slår ho fast.

Må vere konsekvente
Ei slapp haldning til det nynorske språket møter ho overalt. Ho trekkjer fram skuleverket, offentlege etatar og media som døme. Mange aviser overkøyrer nynorsken totalt, men ho skryt også av aviser som tar inn stadig meir på nynorsk.
Ho meiner særleg lærarar i skulen må vere konsekvente, og ikkje veksle mellom å skrive nynorsk og bokmål på tavla.
— Det visuelle verkar kolossalt inn på kva elevane fangar opp. Ikkje alle lærarane er like opptatt av språket, og ein del er for lite nøye og blandar for mykje. Det forvirrar elevane.
At innvandrar som kjem hit må lære bokmål i norskundervisinga, er ho også svært kritisk til.
— Dei får jo problem med å snakke med folk med dialekt, kommenterer ho.
Eidhammer har lite til overs for utdanningsminister Kristin Clemet, som gjer sidemålet valfritt i skulane.
— Ho snakkar om kunnskapssamfunn, men kvar er kunnskapen? Kva skal dei unge gjere når dei søker jobb på landsbygda, undrar målkvinna, som meiner utdanningsministeren fører ein paradoksal skulepolitikk.

Dei unge må fram
Eidhammer er også oppgitt over at det lokale næringslivet nesten berre annonserer på bokmål, og at mange berre vil ha tilsette som skriv bokmål. Ho trekkjer fram Voss og Husnes som stader der næringslivet har blitt flinkare til å annonsere på nynorsk. I indre strøk av Haugalandet meiner ho det framleis står dårleg til.
— Næringslivet skit i eige reir når dei fornektar språket, slår ho fast.
— Kvifor forfell bruken av det nynorske språket?
— Det har noko med heile samfunnet å gjere. Folk stoppar ikkje opp og tenkjer på språket sitt. Det er berre det som sel som tel. Folk er for lite idealistar. Me må ta vare på språket vårt på same måte som me tar vare på kvarandre, svarar Eidhammer.
— Det har med verdiar å gjere, legg ho til etter ei lita tenkjepause.
— Me må oppretthalde eit bygde-Noreg som tar var på språktradisjonen og har respekt for språket. Me må vere stolte av vårt eige. Eg veit det er mange unge som er opptatt av språk. Dei må kome fram.