Det er dei ledige lokala i Bustadskipinga i sentrum som er interessante når det gjeld ein stad å etablere eit slikt senter. Og det var der helseleiar ønskte dei inviterte frå lag, organisasjonar og medarbeidarar innan helseavdelinga i kommunen velkomne.
Marion Kallevik meinte nye tankar, nye folk og kommunale midlar kan vere med på å realisere draumen ho har om å få dette til.
Med glød, varme og entusiasme delte ho tankane sine med dei frammøtte.
Først og fremst ønskjer ho ein møteplass der det er godt å vere. Ein brukarstyrt møteplass med meiningsfylte aktivitetar, der det skal vere ope for den gode samtalen, men også ein stad praktisk hjelp i kvardagen kan formidlast mellom både ung og gammal.
Ønskjer hjelp
For å få dette til treng helseavdelinga hjelp frå organisasjonane i kommunen. Nokon til å bry seg, nokon å vere saman med og nokon til å motivere.
Psykiatrisk sjukepleiar Olaug Taklo understreka kor viktig det er å ha eit hus med liv i, der det allmennmenneskelege skal stå i fokus.
Ho såg fram til ein slik møteplass, som det er få av i samfunnet i dag.
— Ein slik stad gir auka livskvalitet, noko som styrkjer både den fysiske og psykiske helsa, sa ho.
Nytilsett miljøterapeut Leif-Arne Løvereide hadde også gjort seg tankar som han formidla. Han nemnde spesielt rusproblematikken, som også måtte få plass i opplegget.
Under samtalen med representantane frå laga og organisasjonane, ønskte Marion Kallevik svar på kva dei kunne bidra med.
Her hadde mange ordet, og interessa for å få til ein møteplass i Bustadskipinga var stor.
Opne Bustadskipinga
Kommunelege Bengt Kallevik sa han hadde sett på dei tomme lokala i Bustadskipinga i snart ti år, og at det nå var viktig å opne dørene, også for dei som bur der i huset og på Gjerdsrabbane.
Åsmund Vinje frå besøkstenesta nemnde dei mange eldre som sit aleine rundt i heimane utan nokon stad å gå.
— Det er viktig å ha ope her for desse, sa han.
Torunn Mæland frå diakonitenesta, meinte det ville vere fint om dette også kunne bli ein stad der etnebuar og innvandrarar kunne møtast.
Inger Lund Rolland nemnde at støttekontaktane ikkje har nokon stad å gå med sine klientar. Dette burde bli ein slik stad. Ho nemnde også at unge uføre treng ein stad å treffast.
Fleire understreka at mat er viktig for trivselen. Men Marion Kallevik sa at dette ikkje skal bli nokon kafe.
Det vart kasta fram idear om blant anna bakedagar, og det vart sagt at det ikkje vil bli vanskeleg å få nokon til å stå i brodden for litt matlaging.
Ideane var mange, og nå er det opp til helseavdelinga å arbeide vidare med idear og tankar. Ein møtestad blir ønskt velkommen av mange, og ikkje minst at dørene i Bustadskipinga blir opna.