Tannlegemangel i den offentlege tannhelsa i distrikta er langt frå eit nytt problem. Men lite blir gjort for å bøte på at landets tannlegar helst vil fikse tanngardar i byane.
Haugesundaren Marilene Dos Santos har arbeidd på tannlegekontoret i Skjold sidan oktober 2002, og har i løpet av denne tida hatt fem kollegaer på nabokontoret.
Stadig ny tannlege
Tannlegesekretær Astrid Dalaker har arbeidd på klinikken sidan 1982, og ho har sett tannlegar kome og gå.
— Spør heller pasientane kva dei synst om at det stadig er skifte av tannlege. Det er nok dei som merkar det mest. Men for både dei og oss ønskjer eg sjølvsagt at det kjem ein tannlege som blir ei stund. Det er best for alle som går her fast, både barn og eldre, seier Dos Santos.
Ho opplyser at det langt frå er gunstig å stå igjen med halv bemanning og innfri det befolkninga har krav på av offentleg tannhelse.
— Eg er litt bekymra for slitasjen. Vi har tatt inn ein del nye pasientar i det siste. Så lenge vi er ein tannlege må vi prioritere annleis, fortel ho.
— Eg kjenner ikkje så godt til kva som er årsakene til at det er vanskeleg å få tak i tannlege i distrikta. Det burde absolutt vere verd eit studium, seier Marilene Dos Santos.
Nesten som lotto
Den siste som sa takk for seg i Skjold var ein tysk tannlege som slutta etter eitt år. Å skaffe ny tannlege på kort varsel er som å vinne i lotto, og stillinga vil truleg stå ledig i alle fall til over sommaren.
— Vi ville gjerne hatt ein tannlege på plass i morgon, men det er meir realistisk å tru at ein ny kan vere på plass ein gong over sommaren. Vi arbeider med å rekruttere. Det finst ikkje tannlegar å oppdrive, seier overtannlege Eivind Hauge i Nord-Rogaland.
Han ser for seg to aktuelle grupper å hanke inn til Skjold: Anten nyutdanna som er ferdig til våren, eller tyske tannlegar som må gå på språkkurs først.
Hauge har sju ledige stillingar han må skaffe tannlegar til i Nordfylket. fire faste og tre vikariat. Men han har store problem med å skaffe ein einaste ny tannlege. Han viser til at heile regionen er på hælane når det gjeld tannlegar.
Har ikkje alternativ
Han har ikkje stor tru på at tannlegar frå storbyar i Tyskland blir stabil arbeidskraft på Haugalandet. Erfaringa viser at dei reiser igjen etter eitt til to år.
— Vi ønskjer oss stabile tannlegar som slår seg ned, slik ein til dømes finn eksempel på i Ølen. Men vi har ikkje anna alternativ enn å ta dei vi får, sjølv om det blir stadige skifte av tannlegar, seier Hauge.
Han meiner løn er den viktigaste forklaringa på at tannlegar skyr offentleg tannrøkt og heller vil inn i privat praksis med dobbel løn. Og det er lettast å få plass i privat praksis i byane. Dermed blir det manko i distrikts-Noreg. Det er marknaden som rår, og ikkje behovet for tannhelseteneste.
— Det blir ekstra belastning for den som er aleine igjen i Skjold, og ein klarer ikkje å tilby det to gjorde før. Dermed går det ut over tilbodet og vi må prioritere dei vi har størst ansvar for å gi eit tilbod. Men det er grenser for kor mykje ein kan skyve på problemet, forklarer Hauge.
I prioritert rekkjefølgje har den offentlege tannhelsa ansvar for (A)barn og unge opp til 18 år, (B) psykisk utviklingshemma, (C) sjuke og eldre, (D) ungdom 19-20 (25 prosent eigendel), (E) psykiatriske pasientar og rusavhengige, medan vaksne elles kjem aller sist. Men alle har rett på akutt hjelp.
Ønskjer stabil kollega
Tannlegemangel i den offentlege tannhelsa i distrikta er langt frå eit nytt problem. Men lite […]