Ope brev om eldreomsorga i Vindafjord

Desse vedtaka er gjennomførte for å spara pengar: 1. 8 senger ved sjukeheimane er nedlagde […]

Desse vedtaka er gjennomførte for å spara pengar:
1. 8 senger ved sjukeheimane er nedlagde og 8 rom står nå tomme. Dette fører nødvendigvis til at fleire eldre enn før må bu i eigen heim.

2. 6 årsverk er fjerna frå pleie og omsorg. Dette fører til mindre personale å fordela oppgåvene på, i heimetenesta og på sjukeheimane.

3. Tilbodet om heimehjelp til heimebuande pasientar/eldre er kraftig redusert, til 1-1 1/2 time kvar 14.dag.

I samanheng med kommunesamanslåinga er ei stor omorganisering nett gjennomført innan pleie og omsorg. Mange av dei tilsette har skifta arbeidsplass, (har følgt pasientane), og mange eldre er blitt flytta på. Me kan nemna at Sandeid-Vikedal-Imsland-sona nå er flytta til Ølen Omsorgssenter, Vikebygd-sona er flytta til Vindafjordtunet, Ølen-sona er flytta til Ølensvåg-Bjoa-sona og demensavdelinga i Ølen er flytta til Vindafjordtunet.
Dette er ein stor og omfattande omorganisering, og mange pleiarar er ennå ukjente på sin nye arbeidsplass. Dei treng litt tid på å verta kjende med pasientar inne på sjukeheimane og ute i heimetenesta, nye rutinar og nye kollegaer. I ein innkjøringsperiode skulle det vera naturleg og svært nødvendig at ein kunne leiga inn ekstra folk, men det har me ikkje fått lov til. Det er svært trist og gjer arbeidspresset ekstra stort. Det er ikkje til å unngå at dette også går ut over dei me skal hjelpa.
Her er det altså kutta i tilbodet på mange område og det skjer ikkje utan konsekvensar! Me meiner dette er på kanten til det forsvarlege.
Me vil forklara korleis me ser på det:
Fleire eldre/sjuke enn før, må nå bu i eigen heim i og med at 8 sengeplassar er nedlagde. Då er det ein naturleg konsekvens at fleire enn før vil ha trong for heimesjukepleie og heimehjelp.
I staden for å styrkja dei heimebaserte tenestene, har kommunen redusert personalet med 6 årsverk!
Mange eldre som trong litt hjelp til dusj, har fått god hjelp av heimehjelpen til dette, eller dei har dusja når heimehjelpen var i huset, for då var dei tryggare (dersom noko skulle henda). Men tilbodet om heimehjelp er kraftig redusert, og dei kan ikkje lengre gi tilbod om dette.
Dette fører til at heimesjukepleien må overta desse pasientane. Det fører til ekstra lange lister til dei som skal ut i heimesjukepleien. Me vil gjerne presisera at heimesjukepleien er interessert i å hjelpa dei som treng det, og vil gjerne det. Men det er begrensa kor mykje ein kan klara på ein arbeidsdag. Det er ikkje tid til overs til å gjera husarbeid, oppvask, klevask osv hjå dei eldre. Når dei eldre / sjuke får redusert heimehjelpa dramatisk, er det då meininga at heimesjukepleien skal overta dette?? Kven skal vaska opp når alle tallerkane er skitne eller vaska klær når skittentøykorga er full? Ikkje alle eldre har familie i nærleiken.
Me er bekymra for kollegaene våre og det press dei må arbeida under. Me er også bekymra for dei eldre/sjuke i kommunen vår som får tilbodet redusert på så mange område.
Kollegaene våre kjem i klemme mellom det behov dei ser hjå dei eldre/sjuke og mangelen på tid. Det er blitt gitt beskjed frå kommunen om at det er ikkje lov å leiga inn meir folk.
Me veit at dei fleste av kollegaene våre strekkjer seg veldig langt for å hjelpa dei sjuke og eldre som treng det. Dei tar ansvar. Mange har allerede strekt seg langt, og strekkjer seg endå litt lengre for å hjelpa alle som treng det. Men kor lenge går det før strikken ryk?? Har politikarane tenkt på det?
Og korleis er det med arbeidsgjevaransvaret?
Kor langt er det forsvarleg å pressa personalet? Me meiner personalet i pleie og omsorg var pressa på tid allerede før reduksjonen. Dette som nå skjer, er å driva rovdrift på dei tilsette.
Me meiner det er heilt feil å redusera i tilbodet om heimehjelp til dei eldre/sjuke i kommunen.
Me reagerer kraftig på det som stod å lesa i Grannar sist veke, der det vart uttalt at heimesjukepleien går god for reduksjonen i heimehjelp. Det gjer me ikkje!
Me vil presisera at det er ressursane som er tildelt som styrer tilbodet, og ikkje vår faglege vurdering. Dette er eit politisk vedtak som me som sjukepleiarar ikkje kan gå god for.

Tillitsvalde i sjukepleiarforbundet i Vindafjord kommune
Liv Stine Haakull HTV, Grete S. Sørhus TV,
Liv Kaldheim TV, Gunnbjørg Krakk TV.